214.6K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Oct 8, 2022
Oct 8, 2022
6 min
Kvar er sjølve meininga med livet? Og hvis du finn denne, får da også døden ei djupare meining? Dette er nokre av dei spørsmåla Per Ola Godø tek opp i denne vekas Ord til ettertanke. Utgangspunktet er frå Fillipparbrevet kapittel 1, og vers 21 kor Paulus skriv at livet er Kristus og døden ei vinning. Per Ola Godø er Ålesundsguten som møtte Jesus på eit fellesmøte i Ålesund bedehus som ungdom, og som fekk eit langt liv i teneste for Jesus i pinsebevegelsen.

Oct 8, 2022
Oct 8, 2022
7 min

5 min

Oct 7, 2022
Oct 7, 2022
4 min
Kristent kunnskapshull er tittelen på vekas mediekommanter frå Tro & Medier. Det er Daniel Sæbjørnsen som har mediekommentaren denne veka, og han seier at sjølv om vi lever i eit kunnskapssamfunn som aldri før, så er det kristne kunnskapsholet kanskje større enn nokon gong tidlegare. Høyr heile vekas mediekommentar frå Tro & Medier.

Oct 7, 2022
Oct 7, 2022
14 min
Det å sjå den eine er viktig for Gunnar Hamnøy, dagleg leiar i NSP Aid, som driv bistandsarbeid i Kenya og Etiopia. For tida er Hamnøy på reise i Afrika saman med elevar frå vidaregåande skular på Sunnmøre. Vi får høyre meir om kva dei skal gjere på turen.

Oct 6, 2022
Oct 6, 2022
8 min
Ekteparet Siv Anita og Eyvind Volle har reist frå Sunnmøre, via teneste mellom soldatar på Setermoen i Troms, før dei nå har landa i Israel. I Tel Aviv som vert kalla verdas mest sekulære by ligg Imanuelkyrkja kor ein kristen kyrkjelyd samlast. I denne forsamlinga skal ekteparet Volle no fungere som pastorpar, samtidig som dei skal utføre andre arbeidsoppgåver for Den Norske Israelsmisjon både i Haifa og Jerusalem. Vi har teke ein prat med Eyvind Volle om kva tankar han har om tenesten som ligg framføre, og kom kvifor dei valgte Israel framfor fortsatt teneste i Nord-Norge.

Oct 6, 2022
Oct 6, 2022
8 min
I ei ny undersøking frå Medietilsynet kjem det fram at færre 9-10-åringar nyttar sosiale medier, og at nesten alle frå og med 13 år er brukarar.
Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, for å høyre litt om kva som er grunnen til at no fleire born held seg til dei anbefalte aldersegrensene på sosiale medier.

Oct 6, 2022
Oct 6, 2022
9 min
Vi har hatt besøk i studio av dagleg leiar i Plussreiser AS, Aud Kindervåg Halsne. No er alle gruppene heime att etter gode og vellukka turer til pasjonsspelet i Oberamargau. Over 1000 menneske har vore på pasjonsspel-tur med Plussreiser, no er det 8 år til neste gong. Aud kan også fortelje at det er mange som har bestilt turar til Israel denne hausten. Etter tunge år under pandemien er det godt å merke stor pågang frå gjester som vil på tur. Plussreiser har også svært mange turar som ikkje står i katalogen eller på nettsidene, dette er turer for skuleklassar og andre grupper, og dette har vorte ein større og større del av Plussreiser si verksemd.

Oct 5, 2022
Oct 5, 2022
14 min
I dette programmet får du eit glimt frå Åpne Dørers lokale arbeid. Olaug Lillian Bjørke presenterer seminaret «Stå sterke i stormen», og deretter får du eit intervju med Erna Søgaard Ultvedt og Reidar, reisekoordinator i ÅD. Dei deler erfaringar med å ha starta opp seminaret i eigne menigheiter / forsamlingar. «Stå sterke i stormen» har blitt svært godt mottatt lokalt, og Åpne Dører ønsker å spreie dette vidare utover by og land. Seminaret deler erfaringar frå forfulgte søsken, og utrustar kristne til å følge Jesus i ei tid som denne. «’Stå sterke i stormen’ berører tema som er viktige framover no. Eit av desse er ‘Utrustning til seier’, der vi fokuserer på verktøya vi er gitt gjennom bibel, bøn og Den heilage Ande. Seminaret gir både påfyll og oppmuntring, i ei tid som denne», seier Erna Søgaard Ultvedt. Ho anbefaler varmt «Stå sterke i stormen» til menigheiter og forsamlingar. Ta gjerne kontakt med Åpne Dører om du ønsker å vite meir

Oct 5, 2022
Oct 5, 2022
6 min
Rev. John - alias Jon Ultvedt - er pastoren som vart omvendt til bluesen og som sidan har har spelt like naturleg på bluesklubbar og puber som i kyrkjer og bedehus. Ultvedt kjem opprinneleg frå Halden, har budd i Skien og bur per i dag i Mysen i Indre Østfold. Han kjem til Herøy kyrkje 20. oktober og Ålesund Vineyard 28. oktober for å halde konsert. Då vil han spele frå tidlegare utgivingar, men også frå sitt nye album "Strange Things" som skal sleppast 4. november.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Rev. John for å høyre meir om kven han er og musikken han spelar.