Episodes

Jun 25, 2026
Hausten er det høgtrykk for Plussreiser
Jun 25, 2026
Jun 25, 2026
5 min
Sommaren står for tur og mange har allereie planlagt ferien. For Plussreiser er det hausten som har det største reisetrykket, og vi har tatt ein prat med Kurt Andre Henriksen for å høyre litt om kva dei har på programmet.

Jun 24, 2026
Frå Valderøya til Arendal
Jun 24, 2026
Jun 24, 2026
11 min
Halvard Hauge Roaldsnes er utflytta sunnmøring frå Valderøya til Arendal. Han er teolog og pastor i Horisontkirka i Arendal, og tilbyr samtalar med fokus på å sjå den enkelte og gi hjelp til å sortere tankar og livsutfordringar - med utgongspunkt i kristen sjelesorg og innsikt i korleis tankar og mønstre påvirkar livet vårt. I tillegg tilbyr han mentorsamtalar for leiarar.
Hauge Roaldsnes vaks opp på Valderøya og deltok aktivt i bedehuset og kyrkja. Der fekk han trua inn som ein naturleg del av kvardagen. Både på leira og søndagsskulen fekk han sådd frø som var gode å ha med seinare i livet. Då han vart 18 år fekk han eit møte med Jesus i sorg og fortvilelse, og då møtte han Guds kjærleik som endra på livet. No er han pastor i Horisontkirka i Arendal.

Jun 24, 2026
Søndagens tekst 28. juni
Jun 24, 2026
Jun 24, 2026
9 min
Søndagens tekst er henta frå Matteus 7, 15-20, og handlar om falske profeter. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om innhaldet i søndagens tekst.

Jun 23, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Jun 23, 2026
Jun 23, 2026
7 min
I siste kvardagsprat før sommaren med Marit Stokken Berland snakkar vi om å ha ein sommar saman med Jesus. Vi får høyre om bedehusfestivalen ho og Irene skal på denne veka, og om Lyngdal bibelcamp neste veke.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Jun 23, 2026
Gamle evangeliske songar med ny melodi
Jun 23, 2026
Jun 23, 2026
6 min
Lekfolket har kome med ny utgivelse, og det er Lars Egil Obrestad som står bak dette. Lekfolket har no gitt ut tre plater totalt, og ideen bak er å gje gamle evangeliske songar ei fornying. Obrestad har gitt tekstane musikk ved å bruke kunstig intelligens. Det sentrale er innhaldet i songane og bodskapen dei formidlar.
Høyr heile intervjuet med Lars Egil Obrestad, som no har utgitt albumet Livet med Jesus. Songane formidlar Jesu kjærleik og nåde gjennom djupt oppbyggelege tekstar utgitt i nye musikalske rammer. Tekstane er hanta frå tekstforfattarane Nils Lavik, Anders Nilsson, Charles Wesley, Niesl Johannes Holm, Anders Hovden og Adolf Langsted.

Jun 22, 2026
Jun 22, 2026
15 min
Støttegruppa til Suel Kasembo har med seg tidlegare ordførar i Herøy, Bjørn Prytz, som engasjerer seg sterkt i saka til Kasembo. I eit intervju med Prytz får vi høyre ei statusoppdatering i saka til Kasembo.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Jun 19, 2026
Spjelkavik ungdomsskule på vandring i nærmiljøet
Jun 19, 2026
Jun 19, 2026
5 min
Denne veka var 8. klasse ved Spjelkavik ungdomsskule på historisk vandring i Spjelkavik sentrum. Då kom dei også innom Radio Sunnmøre, som er ein del av sentrum. Bjørn Ødegård er lærar ved skulen og ansvarleg for rundturen. Han og elevane Emma Vigestad Aune og Sverke Siljan Sunde fekk prøvd seg i studio.
Høyr om vandringa og alt dei lærte om nærmiljøet i Spjelkavik sentrum.

Jun 18, 2026
Klart for sommerstevne for Himalpartner
Jun 18, 2026
Jun 18, 2026
12 min
Helga 25. juni - 28. juni er det klart for sommerstevnet til Himalpartner på Ålesund folkehøgskule. Åge Birger Hofseth har nyleg kome tilbake frå Nepal for å besøke møbefabrikken i jungelen der. Vi får ein prat på Radio Sunnmøre om arbeidet han har fått besøke no i mai, og om kva som skal skje på årets sommerstevne.
Høyr heile intervjuet med Åge Birger Hofseth. I åtte år har han vore frivilleg sekretær for Himalayan Woodsystems DA.

Jun 18, 2026
Kafètreff i Volda misjonsforsamling
Jun 18, 2026
Jun 18, 2026
4 min
I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest. - Det er ikkje eit møte, men vi vil nok peike på Jesus på ein eller annan måte, fortel Randi Hamre. Dei håpar at dette skal vere eit lavterskel tilbod. Mat, quiz og utlodning står på programmet.

Jun 17, 2026
Frå USA til Waldehuset som guider kvart år
Jun 17, 2026
Jun 17, 2026
17 min
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis.
Sidan 2018 har ekteparet Kåre Slaathaug (83) og Mickey Bambrick komt til Noreg for å guide på Waldehuset tre dagar i veka i tre månader. Slaathaug er utvandra nordmann til USA då han var 9 år gamal, og mor til Mickey er norsk. Dei møttes i USA og forlova seg nyårsafta i Noreg i 1990. I år har det vore gift i 35 år. Når Kåre får brunost og sveler på tunga, då kjem det norske språket med ein gong, fortel han til Radio Sunnmøre med eit smil.
Høyr heile intervjuet med ekteparet Kåre Slaathaug og Mickey Bambrick.

