Episodes

Thursday Jan 22, 2026
Ord til ettertanke 22. januar
Thursday Jan 22, 2026
Thursday Jan 22, 2026
Ord til ettertanke av Gudrun Longva.

Thursday Jan 22, 2026
Ord til ettertanke 23. januar
Thursday Jan 22, 2026
Thursday Jan 22, 2026
Ord til ettertanke av Gudrun Longva.

Wednesday Jan 21, 2026
Søndagens tekst 25. januar
Wednesday Jan 21, 2026
Wednesday Jan 21, 2026
Søndag er teksta henta frå Lukas 18, 35-43, og handlar om den blinde mannen ved Jeriko. I ein samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi ein prat om kva som står i teksta og kva den kan bety for oss i dag.

Wednesday Jan 21, 2026
Stor pågong på Familievernkontoret etter jul
Wednesday Jan 21, 2026
Wednesday Jan 21, 2026
På Familievernkontoret på Sunnmøre har ein etter jul merka stor pågong. Kontoret ynskjer å vere til hjelp for barn, unge og familier i vanskelege tider av livet, og etter jul har dei merka stor pågong av henvendingar. Vi har tatt ein prat med Anne Line Dahl Jerstad ved Familienvernkontoret om arbeidet dei held på med.

Tuesday Jan 20, 2026
Sina Løken kveld på Langevåg bedehus
Tuesday Jan 20, 2026
Tuesday Jan 20, 2026
Laurdag 24. januar er det Sina Løken -kveld på Langevåg bedehus. Sina Løken var ein pionermisjonær på Madagaskar fram til 1934, og kom opprinneleg frå Langevågen. Sidan 1946 har det hengt eit bilete av denne dama på Langevåg bedehus. Laurdag får ein høyre historia om Løken og ei andakt ho haldt i si tid. Lars Erik Nesseth har blitt intervjua av Helge Åkerens om temakvelden.

Tuesday Jan 20, 2026
Kvardagspraten
Tuesday Jan 20, 2026
Tuesday Jan 20, 2026
Denne veka er det Irene Krokeide Alnes som er med i Kvardagspraten. Vi tek ein prat om bøn og betydninga av bøn. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

Monday Jan 19, 2026
Vestborgrussen på turnè
Monday Jan 19, 2026
Monday Jan 19, 2026
I helga var Vestborgrussen på turnè rundt om på Sunnmøre. Dette gjer dei kvart år for å reklamere for Vestborg vidaregåande skule, men også for å samle inn pengar til årets misjonsprosjekt. På Ellingsøy bedehus var det prosjektleiar Andreas Haram som møtte personleg, og han fortalde om prosjektet og turen han hadde til prosjektlandet Japan. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han nokre glimt frå turen og litt om omfanget av innsamlinga. Vi fekk også ein prat med Samuel Alnes, som valgte etter to år på ein annan vidaregåande skule å ta siste året på Vestborg vgs. Og det var ikkje utan grunn at han tok det valet. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Monday Jan 19, 2026
Rapport frå Elfenbenskysten
Monday Jan 19, 2026
Monday Jan 19, 2026
Ekteparet Katie og Kjell Magne Møgster er i Elfenbenskysten, og fort tida i Abidjan. Dei er utsendt for Misjonssambandet og skal arbeide blant Mahou folket. Radio Sunnmøre tok ein telefon til ekteparet for å få ein liten rapport på korleis arbeidet har gått sidan dei reiste ned i haust.

Friday Jan 16, 2026
Mikal delte ut mat til 2000 familiar i Kenya
Friday Jan 16, 2026
Friday Jan 16, 2026
I årets ferskaste episode frå North South Partnership Aid (NSP Aid) får vi høyre eit intervju med Mikal Sandvik, frå Misund, som fortel om korleis han har vore med å pakke og dele ut 2000 matkasser i Kenya i jula. Vi får også høyre om korleis han oppdaga arbeidet til NSP Aid.

Thursday Jan 15, 2026
Bibelhelg på Frænabu
Thursday Jan 15, 2026
Thursday Jan 15, 2026
Helga 6.-8. februar er det bibelhelg på Frænabu i Romsdalen. Det er Runar Landro som er talar for helga, og temaet for helga er Mer land å innta. Høyr intervjuet med krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Ole Christian Martinsen.

