Episodes

Tuesday Mar 17, 2026
Rett Kurs med ny plate
Tuesday Mar 17, 2026
Tuesday Mar 17, 2026
Nyleg kom Rett Kurs ut med ei ny plate, også denne gongen på CD i tillegg til digitale plattformer. Gruppa har halde på i 47 år og var nyleg på Sunnmøre og song. Den nye plata har fått tittelen Perleporten og er songar som går rett inn i bedehushjartet. Nokre av songane har gruppa laga sjølv, og andre er oversett frå engelsk til norsk.
Jørgen Lien i Rett Kurs har blitt intervjua av Radio Sunnmøre og fortel litt bakgrunnen for nokre av songane på den nye plata.

Tuesday Mar 17, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Mar 17, 2026
Tuesday Mar 17, 2026
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes. Kristent radioarbeid og tv-arbeid blir fort eit samtaleemne når det er RadioGiv som pågår på Radio Sunnmøre denne veka. Vi er også innom påska og palmehelga sitt bodskap, som nærmar seg raskt.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Tuesday Mar 17, 2026
Ørsta Ungdomsskule arrangerer kafè for NSP Aid
Tuesday Mar 17, 2026
Tuesday Mar 17, 2026
Onsdag ettermiddag arrangerer 9. klasse ved Ørsta Ungdomsskule, i valfaget Innsats for andre, kafè. Forrige veke hadde dei bakedag og inntekta skal gå til North South Partnership Aid sitt arbeid i slummen i Kenya.
Vi har tatt ein prat med lærar Hjørdis Almelid Vikenes og elevane Mathea Fredheim, Ingvill Sæthre og Mathilde Steinnes.

Monday Mar 16, 2026
Håpskveld med Norea i Engesetdalen
Monday Mar 16, 2026
Monday Mar 16, 2026
Torsdag kjem Elisabeth Lillebø Sæth til Misjonshuset i Engesetdalen og skal halde håpskveld. Denne veka er ho og ektemannen Jostein på turne på Sunnmøre med Norea, og har vore på alt frå krinskorøving til husmøter til håpskveld.
Høyr heile intervjuet med Elisabeth Lillebø Sæth i Norea.

Monday Mar 16, 2026
Imf Ung Sunnmøre med leiarkurs og Awanaopplæring
Monday Mar 16, 2026
Monday Mar 16, 2026
Dei neste helgane arrangerer ImF Ung Sunnmøre både leiarkurs for ungdom og Awanaopplæring. Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre fortel om dei nyoppretta kursa på Radio Sunnmøre.
Leiarkurset er for ungdom mellom 13 og 17 år på Lepsøya, og er eit med avgrensa plassar. No til helga skal ImF Ung også ha ei eiga helg med fokus på Awana på Skodje bedehus. Då blir det opplæring av konseptet på laurdagen, og søndagen får ein oppleve ei Awanasamling.
Det står også ein Mini-leir på agendaen etter påske.
Høyr heile intervjuet med Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre.

Friday Mar 13, 2026
Misjonsmarka skiarene i Engesetdalen
Friday Mar 13, 2026
Friday Mar 13, 2026
Kvar veke samlast ein gjeng til trim, mat og for å løyse ulike verdsproblem, i Engesetdalen. Det er Jarle Ekroll som startar Møretrimmen og samlar kvar veke ein god gjeng for aktivitetar i ulike årstider. Høyr heile praten med Jarle Ekroll på Radio Sunnmøre.

Thursday Mar 12, 2026
Delar tankar om Efeserbrevet
Thursday Mar 12, 2026
Thursday Mar 12, 2026
Denne veka er det Odd Asbjørn Nybø som delar ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han har tatt utgongspunkt i Efeserbrevet i sine andakter. Høyr heile intervjuet med Nybø på Radio Sunnmøre.

Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke 9. mars
Thursday Mar 12, 2026
Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke av Odd Asbjørn Nybø

Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke 10. mars
Thursday Mar 12, 2026
Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke av Odd Asbjørn Nybø

Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke 11. mars
Thursday Mar 12, 2026
Thursday Mar 12, 2026
Ord til ettertanke av Odd Asbjørn Nybø

