Episodes

Friday Nov 18, 2022
Friday Nov 18, 2022
I år igjen samlar NSP Aid inn pengar til matkasser til jul. Då særleg til dei som bur i slummen i Nairobi, og til dei som bur på landsbygda og har blitt ramma av lite mat på grunn av lite regn. Gunnar Hamnøy fortel om dette i vekas program. Hamnøy inviterer også til å vere med på tur til Afrika i april, då opninga av den nye barnelandsbyen Malaika Village skal opne.

Friday Nov 18, 2022
Livsmeistringshelg på Ulvesund fyr
Friday Nov 18, 2022
Friday Nov 18, 2022
På Ulvesund fyr like utanfor Måløy er Sølvi Helen Hopland Aemmer fyrvoktar og vertinne. Første helga i desember innbyr ho til livsmeistringshelg, ei helg med jakt på livsglede kor du kan få tøme sekken du ber på å kvile og få ny inspirasjon. Sjølv vil ho vere helgelos og gjennom song, musikk og undervisning dele av si livserfaring med dei som kjem.

Friday Nov 18, 2022
Opplev eksotiske Svalbard
Friday Nov 18, 2022
Friday Nov 18, 2022
I mars 2023 har du sjansen til å vere med Plussreiser til Svalbard. Med base i Longyearbyen vil du få vere med på besøk i ei av gruvene på Svalbard, og ikkje minst vert det ein 8 timar lang tur med snøskuter til Tempelfjorden. I mars har sola vore frame vel ein måned på Svalbard, og både lyset og snøforholda er på sitt aller beste. Vi har hatt besøk i studio av Kurt Andre Henriksen som skal vere reiseleder på turen.

Thursday Nov 17, 2022
På flukt for si tru - Åpne Dører 46_2022
Thursday Nov 17, 2022
Thursday Nov 17, 2022
Denne hausten har Åpne Dører fokus på dei som er på flukt for si tru, både i fakkeltoga og under Søndag for forfulgte. I følge FN er over 100 millionar på flukt, og det å ha ei anna tru enn fleirtalet er ein viktig grunn til at mange flyktar. Dette er underfokusert, og difor viktig å løfte fram – både offentleg og i menigheitsliv. I fleire land blir kristne pressa til å flykte frå heimane sine, som ein bevisst strategi frå forfølgarane. Hensikten er å utrydde kristen tru og praksis. I andre halvdel av programmet får du høyre korleis det er å flykte frå eit barns perspektiv. Dette er ei sterk forteljing om kva «lyset i mørket» har å bety i ein vanskeleg situasjon.

Thursday Nov 17, 2022
Menneskehandel og pornografi_Mediekommentaren frå Tro & Medier 4622
Thursday Nov 17, 2022
Thursday Nov 17, 2022
-Framveksten av internett har gitt oss ein pornorevolusjon, der våre barn, unge og voksne konsumerer bilder og filmer av menneske som har sex. I kjølvannet av dette oppstår det en rekke skadevirkninger, blant annet avhengighet, et ødelagt bilde av sex og hvordan man skal forholde seg til det motsatte kjønn. Samtidig er det et aspekt jeg mener er underkommunisert her, at pornografi er med på å opprettholde en av verden største kriminelle industrier: menneskehandel, dette seier Marcus Vindenes i vekas Mediekommentar frå Tro & Medier. Vindenes er tilsett i HeltFri.net

Wednesday Nov 16, 2022
Avhenig av Gud_Christine Nilsen
Wednesday Nov 16, 2022
Wednesday Nov 16, 2022
Då Christine Nilsen (21) var 11 år gamal tok ho imot Jesus og vart døypt. Ho har vakse opp i Lyngdal og i sommar vart ho veldig usikker på kvar vegen gjekk vidare. Det einaste ho var sikker på var at ho ville bruke livet sitt til å ære Gud. For to månader sidan flytta ho til Ålesund utan å vite sikkert kvifor ho skulle akkurat akkurat dit. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Christine om valet ho har tatt om det å vere avhengig av Gud.

Wednesday Nov 16, 2022
Barnevakten 4622_Krist Munthe
Wednesday Nov 16, 2022
Wednesday Nov 16, 2022
I nokre tilfeller krever sosiale medier og spel-plattformer at borna eller foreldra skal laste opp passet sitt for å verifisere kontoen på plattforma. Er dette trygt? Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe.

Tuesday Nov 15, 2022
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_151122
Tuesday Nov 15, 2022
Tuesday Nov 15, 2022
-Gud sviktar deg ikkje, fortel Marit Stokken Berland i vekas kvardagsprat. Dei siste vekene har ho igjen blitt ramma av korona, men no er er ho saman med Jarle Berland klar for møteveke i Ulsteinvik.

Tuesday Nov 15, 2022
Klart for årets musikal på Ålesund folkehøgskule
Tuesday Nov 15, 2022
Tuesday Nov 15, 2022
Onsdag 23. november inviterer elevane ved Ålesund folkehøgskule til årets musikalframsyning. På litt over ei veke øver elevane inn ein musikal, replikkar, song og musikk, dei lagar kostymer og scene og skal halde framsyninga for fleire barnehagar og skuleklasser. I tillegg skal dei ha ei open framsyning for alle som vil og det er billettsal til inntekt for solidaritetsprosjektet skulen har kvart år. I år går pengane til Strømmestiftelsen.
Vi har tatt ein prat med Sofie Røssland og Stine Karlsen som er elevar ved Ålesund folkehøgskule i år, og som er med i årets musikal Rockeulven med ulike oppgåver.

Monday Nov 14, 2022
Militærteneste og val i Israel - Nytt frå Jerusalem del 30
Monday Nov 14, 2022
Monday Nov 14, 2022
Te'en ben Haim har håp om ei rolegare tid i politikken i Israel etter valet som nett er over. Samstundes er ho spent på kor mykje dei ytterliggåande partia som no støttar Benjamin Netanyao vil påverke politikken i landet. Ektemannen Seth er inne til sin årlege militærteneste, noko som også gjer at han må delta i skarpe militæraksjonar. I denne episoden av Nytt frå Jerusalem får vi også høyre korleis det var for Te'ena og familien da ektemannen så vidt overlevde eit terrorangrep mot militæravdelinga han tenestegjorde i for nokre år sidan.