
213.7K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Nov 2, 2023
Nov 2, 2023
3 min
Etter å sjølv ha sakna andakter for adventstida, har Maria Celine Lundeby sjølv tatt pennen fatt og laga eit hefte med adventsandakter. Dette har ho gjort fordi ho likar å bruke adventstida til å roe ned og bruke andakter til å reflektere over den tida. Sidan 2017 har Lundeby skrive på desse andaktene, og heftet har fått tittene Immanuel.
Høyr intervjuet med Maria Celine Lundeby om kva ho har eit ynskje om å formidle gjennom det nye heftet.

Nov 1, 2023
Nov 1, 2023
3 min
I år er det Akademiet i Ålesund som inviterer til julegate i eigne lokaler i Molovegen, sidan den tradisjonsrike julegata i år har teke ei pause. Martine Myren, lærar ved Akademiet, fortel at dette engasjerer både elevar og tilsette ved skulen. Akademiet opnar skulen med kafe og sal av diverse, og på taket med byens flottaste utsikt vert det sal av diverse både lokalt og av elevar. Myren inviterer også dei som tidlegare har hatt stand i julegata til å vere med i år. Høyr heile intervjuet med Martine Myren.

Nov 1, 2023
Nov 1, 2023
6 min
Ein sterk film, med eit både kontroversielt tema og eit kristent innhald, som er sett av fleire tusenvis i USA allereie. Filmen Sound of Freedom er basert på ei verkeleg historie, om FBI agenten som jaktar på bakmennene bak menneskehandel av barn. - Guds barn er ikkje for sal, seier agenten om kva som driv han i jakta på bakmennene.
Ole-Andre Rønneberg i Gullskrinet har fått filmen til Noreg og fortel at filmselskapet har eit "pay it forward" system, som gjer at mange også får sett filmen gratis. Målet er å skape ei bevisstgjering rundt tematikken og nestekjærleik. Filmen blir vist på Odeon i Ålesund onsdag og torsdag, og endå lenger om mange ser filmen desse dagane.

Oct 31, 2023
Oct 31, 2023
11 min
- Vi skal tilbake så fort vi opplever det som trygt, fortel Eyvind Volle, om å reise tilbake til Israel. Saman med kona Siw Anita han i Israel, og er tilsett i Israelsmisjonen som pastor i Immanuelkyrkja i Tel Aviv. Laurdag 7. oktober hadde dei besøk av elevar frå ein folkehøgskule i Noreg og vakna av at rakettalarmen gjekk. Det viste seg at dei denne gongen måtte ta den på alvor og gjekk til bomberommet.
I eit intervju med Eyvind Volle høyrer vi om korleis dei opplevde dagane etter terrorangrepet i Israel.

Oct 31, 2023
Oct 31, 2023
8 min
- Det er ei atmosfære i møta med forventning, kjærleik og bøn, fortel Marit Stokken Berland, som no har friskna til igjen og er klar for å halde fram med møter på Konsmo bedehus. Etter to veker med møte starta møta oppatt laurdag som var. Onsdag held møta fram til søndag.
I kvardagspraten får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje meir frå møteaksjonen.

Oct 30, 2023
Oct 30, 2023
15 min
Te'ena Ben Haim i Jerusalem opplever terrorens grusomheter på nært hold. Fremdeles sitter 239 av hennes landsmenn som gisler for Hamas på Gasa-stripa, mange av disse er barn. Vi har snakket med Te'ena om hvordan hun og den jevne mann og kvinne i Israel opplevde både terrorangrepet fra Hamas, og hvordan de forholder seg til krigen mot Hamas. For Te'ena er dette dødelig alvor, da hun har både sin sønn og sin ektemann i frontlinjen i krigen.

Oct 30, 2023
Oct 30, 2023
23 min
Pinsebevegelsen er i dag et av verdens største og raskest voksende kirkesamfunn. Vi inviterte pastor i Pinsekirka Ålesund, Vidar Godø i studio for å fortelle oss mer om pinsevennene. Hør en ny episode i vår serie om de ulike kristne menigheter og kirkesamfunn.

Oct 27, 2023
Oct 27, 2023
8 min
I vekas episode om Madagaskar tek vi ein prat med Johanne Leinebø, som fortel om korleis det var å gå frå misjonær til å vere bibeloversetjar. Vi får også høyre om kva som var grunnen til at Leinebø valde å starte med å oversetje biblar.

Oct 26, 2023
Oct 26, 2023
5 min
Varmestua i Ålesund gjekk denne veka ut med at dei no må gå ned til ei matvareutdeling i veka. Grunnen til det er at Tine, som har vore ein stor bidragsyter på meieriprodukt, legg ned sin produksjon i Ålesund, og at det er færre butikkar som har mat til overs. No treng Varmestua nye bidragsytarar. Åse Berg Grønvik, dagleg leiar ved Varmestua, fortel til Radio Sunnmøre at dei merkar interesse for saka etter at den kom ut. Nye bidragsytarar har meldt seg og det er behov for fleire.

Oct 26, 2023
Oct 26, 2023
2 min
På 1200 tallet ble Bibelen delt inn i kapitler og vers for at det skulle være lettere å finne frem til de ulike tekstene. Det viser seg at kapittel 3 og vers 16 i de ulike bøkene i Bibelen ofte er sentrale vers i Bibelen. Sigurd Severud Nybø fra Sjøholt har lest igjennom alle og plukket ut 5 som har tar frem når han gir oss denne ukas Ord til ettertanke.
