Episodes

Tuesday Apr 07, 2026
Unge Hender gir hjelp til eldre
Tuesday Apr 07, 2026
Tuesday Apr 07, 2026
Unge Hender er ei bedrift starta av David Fjørtoft Dalheim (17), som hjelper eldre og gir ungdom arbeidserfaring. David Fjørtoft Dalheim starta bedrifta som ei ungdomsbedrift for å gje ungdom ei arbeidserfaring for å kunne kome seg ut på arbeidsmarknaden. Unge Hender kan vere å hjelpe eldre med rydding, snøvmåking, gå tur og vere i lag sosialt.
Høyr intervjuet med David Fjørtoft Dalheim om Unge Hender.

Monday Apr 06, 2026
Søndagens tekst 6. april
Monday Apr 06, 2026
Monday Apr 06, 2026
Søndagens tekst 6. april er teksta frå Lukas 24,13–35. Den handlar om då Jesus viser seg for Emmausvandrerane. Det er her Jesus syner seg for disipplane etter oppstandelsen og vi samtalar om kva det er som skjer i denne teksta og kva vi kan lære av den. Høyr samtale med Karl Johan Bjørge og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

Sunday Apr 05, 2026
Søndagens tekst 5. april
Sunday Apr 05, 2026
Sunday Apr 05, 2026
I Søndagens tekst på 1. påskedag les vi frå Lukas 24,1–9. I ein samtale mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, snakkar vi om kva som skjer i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

Friday Apr 03, 2026
Søndagens tekst 3. april
Friday Apr 03, 2026
Friday Apr 03, 2026
Søndagens tekst for 3. april er langfredagens tekst. I samtalen har vi teke utgongspunkt i å lese Johannes 18, 17-24 og 28-30. I samtalen snakkar vi om det som skjer langfredag. Det er Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, som samtalar om teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

Thursday Apr 02, 2026
Søndagens tekst 2. april
Thursday Apr 02, 2026
Thursday Apr 02, 2026
Skjærtorsdagens tekst er henta frå Matteus 26,17–30 og handlar om då Jesus og disipplane delte påskemåltidet. Det er denne dagen at nattverdenen blir delt og lærer disipplane om måltidet som skal minnast han i lang tid. Høyr samtalen med prost Karl Johan Bjørge og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Teksta blir lest av Randi Fagerhol Lauvås.

Wednesday Apr 01, 2026
Ny bok om Gunnar Hamnøy
Wednesday Apr 01, 2026
Wednesday Apr 01, 2026
I desse dager har den nye boka om Gunnar Hamnøy kome ut. Eit hjarte for andre slår aldri feil, er tittelen på boka, og det er sonen Per Gunnar Hamnøy som er forfattar av boka.
Boka er gjennomarbeida mellom far og son, og handlar om livet til Gunnar Hamnøy. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Per Gunnar Hamnøy om korleis dei har arbeidd med boka, og korleis dei har skilt ut det som ikkje treng å vere med. Vi får også høyre litt om korleis det er å skrive bok om far sin.
Høyr heile intervjuet med Per Gunnar Hamnøy.

Tuesday Mar 31, 2026
Bekjennelse er ein befrielse
Tuesday Mar 31, 2026
Tuesday Mar 31, 2026
I godt vaksen alder har Synnøve og John Leirvik blitt frelst. John fekk eit møte med Jesus i sjukesenga og Synnøve ved kjøkkenbordet. Høyr den sterke historia om korleis dei fekk eit møte med Jesus

Monday Mar 30, 2026
Frihals med nytt album
Monday Mar 30, 2026
Monday Mar 30, 2026
Mannsgruppa frå Flekkerøya, Frihals, har kome med nytt album. Sju av dei ti songane er eigenkomponerte og i eit intervju med Roald Arnesen får vi høyre meir om kva desse songane betyr for dei. Mannsgruppa er ein del ute og syng i samarbeid med Norea Mediemisjon, og det som går igjen i songane er takksemda for det Jesus har gjort.

Friday Mar 27, 2026
Ny sokneprest i Volsdalen menighet
Friday Mar 27, 2026
Friday Mar 27, 2026
Volsdalen menighet har fått ny sokneprest. Olaf Kind har flytta til Sunnmøre saman med kona si, som er frå Sunnmøre, og har starta som sokneprest. Han set stor pris på både jakt og turmoglegheiter, og i ein laus prat på Radio Sunnmøre får vi bli bedre kjend med den nye soknepresten. Han har allereie gjort seg bemerka i sunnmørske medier om fastetida og gudstenesta på Askeonsdag, då han inviterte Bypatrioten til å besøke dei.
Bli betre kjend med Olaf Kind, sokneprest i Volsdalen menighet, på Radio Sunnmøre.

Thursday Mar 26, 2026
Restart for Ålesund Soul Children
Thursday Mar 26, 2026
Thursday Mar 26, 2026
Til hausten ynskjer Mathilde Isabell Gundursdottir Haug å starte opp igjen med Ålesund Soul Children. Ho skal til hausten flytte heim til Sunnmøre, jobbe som lærar, og er klar for å starte opp igjen eit Soul Children kor på heimebane.

