Episodes

Thursday Dec 11, 2025
Ord til ettertanke 11. desember
Thursday Dec 11, 2025
Thursday Dec 11, 2025
Ord til ettertanke av Randi Fagerhol Lauvås.

Thursday Dec 11, 2025
Ord til ettertanke 12. desember
Thursday Dec 11, 2025
Thursday Dec 11, 2025
Ord til ettertanke av Randi Fagerhol Lauvås.

Wednesday Dec 10, 2025
Søndagens tekst 14. desember
Wednesday Dec 10, 2025
Wednesday Dec 10, 2025
I Søndagens tekst for 14. desember les vi frå Matteus 11, 2-11. Teksta handlar om då Johannes var i fengsel og fekk høyre om alt Jesus gjorde. Han sende bod med disiplane for å høyre om Jesus var den som skulle kome, eller om han skulle vente på ein annan.
I etterkant av at vi høyrer teksta lest av Randi Fagerhol Lauvås tek vi ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva teksta inneheld. Vi tek ein prat om kva dette betyr og kva betydning det kan ha i dag.

Tuesday Dec 09, 2025
Skodje kyrkjekor med julekonsert
Tuesday Dec 09, 2025
Tuesday Dec 09, 2025
I 2026 har Skodje kyrkjekor jubileumsår og allereie torsdag 11. desember tjuvstartar dei jubileringa med ein julekonsert i Ørskog kyrkje. Konserten skal dei ha saman med Beate Slettevoll Lech med band, og prosjektleiar Kari Grindvik fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om arrangementet.

Tuesday Dec 09, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Dec 09, 2025
Tuesday Dec 09, 2025
Det er siste kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes for dette året, og vi høyrer i praten at det går mot ei roleg førjulstid på Alnes. Baking med borneborn og vener, og julefeiring med slekt. Vi får også høyre om dei bøneprogramma Krokeide Alnes har laga som skal sendast i jula. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Dec 08, 2025
Liverapport frå Varmestua i Ålesund
Monday Dec 08, 2025
Monday Dec 08, 2025
- God mat og trivelege folk, og det er sosialt, seier ein av dei vi tok ein prat med på Varmestua i Ålesund. - Det er dagens høgdepunkt, fortel han som nyleg har fylt på tallerkenen med både pizza og lasagne. Radio Sunnmøre tok ein tur til Varmestua i Ålesund under middagsservering og tok ein prat med både gjestar, frivillege og dagleg leiar Åse Berg Grønvik.

Monday Dec 08, 2025
Førjulstid og julefeiring med Kirkens Bymisjon Ålesund
Monday Dec 08, 2025
Monday Dec 08, 2025
Det er ikkje alle som har ei hyggeleg førjulstid eller som gler seg til jul. Gjengen på Kirkens bymisjon i Ålesund gjer sitt beste for å gje ei god førjulstid og julefeiring for dei som treng nokon å feire med. Dagleg leiar, Anne Karin Zeitz, fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om alt dei bidrege med no både i førjulstid og om julefeiringa på Rådhuset i Ålesund.

Friday Dec 05, 2025
Fremmerholen barnehage i Vika lyspark
Friday Dec 05, 2025
Friday Dec 05, 2025
Lysparken i Spjelkavika, utanfor Vikakroken, blir besøkt av store og små. Turgruppa i Fremmerholen barnehage brukar også dette turområdet, og på ein av turane møtte Radio Sunnmøre på dei og fekk ein fin plass med både borna og Julianne Lausund Farstad, pedagogisk leiar i Fremmerholen barnehage.

Friday Dec 05, 2025
Fekk eit nytt liv
Friday Dec 05, 2025
Friday Dec 05, 2025
Erlend Johan Westad (25) vaks opp på Alnes i ein kristen heim. I oppveksten opplevde han mobbing, som utløyste år med depresjon og mørke tankar rundt seg sjølv. Etter ei tid med terapi møtte han sommaren 2023 opp på Vigra Kristelege Ungdomsklubb på Sagabu. I dagane etter ungdomsmøtet jobba Westad lenge med det han hadde fått høyre, og Bibelen på nattbordet han fekk av oldemora si kom endeleg i bruk. Til slutt kjende Westad at han ikkje ville leve lenger, og der og då på rommet sitt vart han møtt av ord om tilgivelse og ei omfavning han seint vil gløyme.
Høyr den sterke historia om då Erlend Johan Westad fekk eit nytt liv, i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Thursday Dec 04, 2025
Håp i ei gryte
Thursday Dec 04, 2025
Thursday Dec 04, 2025
I år er Frelsesarmeen sin julekonsert Håp i ei gryte lagt til torsdag 4. desember. I tillegg har innsamlinga i Frelsesarmeen sine julegryter starta, og ein kan finne dei både på Moa og i Ålesund sentrum. Vi har tatt ein prat med Åse Berg Grønvik om kveldens konsert.

