Episodes

Tuesday Apr 28, 2026
Natt til 1. mai gospel
Tuesday Apr 28, 2026
Tuesday Apr 28, 2026
Natt til 1. mai gospel blir arrangert på Blindheim bedehus. Det heile startar torsdag kveld 30. april med song av ungdomskoret Respons, apell av Miriam Mulelid og Helgeland folkehøgskule og KRUSSEN blir med. Mulelid, Ungleiar i Imf Ung Sunnmøre er intervjua på Radio Sunnmøre om årets arrangement.

Tuesday Apr 28, 2026
Kvardagspraten med Marit
Tuesday Apr 28, 2026
Tuesday Apr 28, 2026
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelle frå dei siste vekene med møter på Askøy og i Hundeidvik. I sistnemnte bygd var det vitnemøte der to nyfrelste fortalde sine vitnesbyrd, og dette skapte forventning hos fleire som har nokon dei ber for. Vidare skal Marit og Jarle til Eidså og ha møter denne veka.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Apr 27, 2026
Aprilrapport frå Japan
Monday Apr 27, 2026
Monday Apr 27, 2026
I april har vi tatt ein ny prat med Inger Valbø, misjonær for Misjonssambandet i Japan, for å høyre litt om arbeidet der. Ho arbeidar blant anna blant studentar med ei bibelstudiegruppe på engelsk. Ei gruppe som samlast fredagar og startar med middag.
Valbø har også hatt besøk av nordmenn som har vore ute i Japan for praksis, og då ho hadde besøk av dei var det fullt hus på bibelstudiegruppa.
Høyr heile praten med Inger Valbø.

Friday Apr 24, 2026
Flytta frå Sunnmøre som snart 90 åring
Friday Apr 24, 2026
Friday Apr 24, 2026
Då Kjell Furnes nærma seg 90 år tok han laust å flytta frå Sunnmøre til Bergen. I serien utflytta sunnmøring har Helge Åkernes fått høyre litt om korleis det er å flytte i så høg alder. Sidan familien er i Bergenområdet vart det naturleg å flytte dit for Furnes og kona. Det er både utfordrande og gleder med flyttinga.
Høyr heile praten med Kjell Furnes.

Friday Apr 24, 2026
Første 17. mai feiring på Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund
Friday Apr 24, 2026
Friday Apr 24, 2026
I år ynskjer foreldre ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund å arrangere 17. mai feiring ved skulen for fyrste gong. Christel Otterlei Bjerkeseth er ein av foreldra som har dradd dette i gong, og i ein prat med henne får vi høyre om planane for feiringa. Planen er at feiringa skal starte etter toget i Ålesund er ferdig, og ein skal halde på så lenge folk vil vere der.
Høyr heile intervjuet med Christel Otterleie Bjerkeseth.

Thursday Apr 23, 2026
Rapport frå Kara-kveld på Vigra
Thursday Apr 23, 2026
Thursday Apr 23, 2026
Tysdag 21. april var det karakveld på Vigra med Einar Helgaas i Mannspodden. Ein av dei som var tilstades var Edd Bjørke frå Ellingsøya. Han har fulgt med Mannspodden sidan starten og fekk lyst å dra på arrangementet etter å ha fått ein invitasjon. - Brorskap og vennskap er noko eg set høgt, seier Bjørke. -Einar var flink til å utfordre oss på handling. Ofte seier vi at det er kjekt å ta ein kaffi og vi skulle ha møtast, men så blir det ikkje meir av det. Det vi kan ta med oss vidare frå kvelden er å handle og ikkje berre tenke.
Kvelden innehaldt i tillegg til foredrag frå Helgaas i Mannspodden både kjøpekake, pølse med brød og papptallerkenar. Det var også ein konkurranse denne kvelden, som gjekk på å ta flest armhevingar. Denne tok Edd Bjørke på strak arm, og vann heile konkurransen med 70 stykker på eit minutt.
Høyr heile intervjuet med Edd Bjørke.

Thursday Apr 23, 2026
Formiddagstreff i Misjonssalen
Thursday Apr 23, 2026
Thursday Apr 23, 2026
Ein gong i månaden møtast pensjonistar på føremiddagstreff i Misjonssalen i Myrabakken. Eit sosialt treffpunkt med mat, song, prat og utloddning. Denne gongen fekk Radio Sunnmøre kome på besøk å fortelje om radioarbeidet.
Vi fekk ein prat med søstrene Bodil Fiskerstrand og Liv Vadseth.

Wednesday Apr 22, 2026
Tapas og tro på Valderøya
Wednesday Apr 22, 2026
Wednesday Apr 22, 2026
Onsdag er det Tapas og tro på Valderøy bedehus. Dette er ein kveld for kvinner i mellom 25-50 år og skal vere ein kveld for å bli kjend, for å ha tid til å prate og å ete god mat. Elisabeth Mulelid Nordstrand fortel at konseptet kom opp ute på øyane då ein såg at ein trengte ein møtestad der ein ikkje berre sprang etter borna. Tema for kvelden onsdag er: Livet tek ei uventa vending.
Høyr heile praten med Elisabeth Mulelid Nordstrand.

Wednesday Apr 22, 2026
Søndagens tekst 26. april
Wednesday Apr 22, 2026
Wednesday Apr 22, 2026
Søndagens tekst er henta i frå Johannes 16, 16-22. Den handlar om då Jesus fortel læresveinane at han skal forlate dei, og at sorga kjem til å bli til glede. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta handlar om.

Tuesday Apr 21, 2026
Delar ut Det nye testamente utanfor skular
Tuesday Apr 21, 2026
Tuesday Apr 21, 2026
Dei siste tre åra har Gideon starta med å stå utanfor skulane å dele ut Det nye testamente. Generalsekretær, Levi Jul Halvorsen, fortel at ungdommen i dag er svært høflege og mottakelege for slike utdelingar. - At behovet er der og at Gideon har ei veldig viktig rolle i å fylle det behovet, det blir eg meir og meir overbevist om, seier Jul Halvorsen til Radio Sunnmøre. Han seier at i eit tid der ungdom i dag blir fylt med alt mogleg frå nettet, så har Gideon med sin bibelutdeling ei rolle å fylle.
Høyr heile intervjuet med generalsekretær i Gideon, Levi Jul Halvorsen, som denne veka er på turne på Sunnmøre.

