Episodes

Tuesday Apr 21, 2026
Kvardagspraten
Tuesday Apr 21, 2026
Tuesday Apr 21, 2026
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Irene Krokeide Alnes fortelle om heimkomsten til son, svigerdotter og barnebarn frå Papa Ny-Guinea. Vi får også høyre frå møtehelga på Godøy bedehus og litt om planane framover.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Apr 20, 2026
Dugnadsdag på Brusdalsheimen
Monday Apr 20, 2026
Monday Apr 20, 2026
Tysdag 28. april blir det dugnadsdag på Brusdalsheimen. Det er i stund sidan det forrige gong var ein organisert dugnadsdag, så då er det på tide med ein ny slik dag. Dagen startar kl. 13 og varer til kl. 19, og det blir middag på dugnadsfolket.
Jan Ivar Stokset er engasjert i styret i Brusdalsheimen, og fortel meir om dugnaden på Radio Sunnmøre.

Monday Apr 20, 2026
Karakveld på Vigra bedehus
Monday Apr 20, 2026
Monday Apr 20, 2026
Tysdag kveld er det karakveld på Vigra bedehus. Det er Einar Helgaas i Mannspodden som kjem på storbesøk. Helgaas har arbeidd i mange år i Laget og arbeidar med disippelgjering. I podkasten Mannspodden arbeidar han på fritida med å prate om kva det vil sei å vere ein mann, næmare bestemt jakten på mannsidentiteten.
Høyr heile praten med Einar Helgaas.

Friday Apr 17, 2026
Hektisk turneliv for NSP Aid
Friday Apr 17, 2026
Friday Apr 17, 2026
Per Gunnar Hamnøy og Anders Myrene i NSP Aid har den siste månaden hatt eit hektisk turneliv rundt om i landet og på Sunnmøre. Dei har hatt besøk i frå Afrika og i tillegg er det bokslepp på gong. Høyr det nyaste programmet frå North South Partnership Aid med Per Gunnar Hamnøy og Anders Myrene.

Friday Apr 17, 2026
Strålande kvinneweekend på Orreneset
Friday Apr 17, 2026
Friday Apr 17, 2026
Forrige helg var det kvinneweekend på Orreneset med omlag 50 damer innom i løpet av helga. Det var strålande ver og god stemning heile helga.
Annbjørg Bårnes gir oss ein rapport frå helga.

Thursday Apr 16, 2026
Brukt & Nyttig flyttar til nye lokaler
Thursday Apr 16, 2026
Thursday Apr 16, 2026
Brukt & Nyttig på Valderøya skal i sommar flytte til nye lokaler. Dei skal ta over lokala til den gamle fargehandlaren på Valderøya. Då får ein samla alt av møbler og resten av butikken på eit areal. Alt overskotet til butikken går til barne -og ungdomsarbeidet i Imf-Ung Sunnmøre.
Høyr Jan Ivar Stokset fortelje meir om Brukt & Nyttig på Valderøya.

Wednesday Apr 15, 2026
Søndagens tekst 19. april
Wednesday Apr 15, 2026
Wednesday Apr 15, 2026
Søndagens tekst er henta frå Johannes 10, 11-18 og handlar om den gode gjetaren. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta eigentleg handlar om.

Wednesday Apr 15, 2026
Øystein "Pølsa" Pettersen til Sykkylven kyrkje
Wednesday Apr 15, 2026
Wednesday Apr 15, 2026
Onsdag 15. april inviterer Sykkylven kykrkje til ein temakveld om å inkludere alle og med tittelen Små grep - store utslag. Dei har invitert Øystein "Pølsa" Pettersen, frå tv-programmet Team Pølsa på NRK, til denne kvelden.
Høyr heile intervjuet med diakon Kristin Kjemphol Lohne, som fortel meir om kvelden.

Tuesday Apr 14, 2026
Kvardagspraten
Tuesday Apr 14, 2026
Tuesday Apr 14, 2026
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Marit Stokken Berland som er på veg til Askøy til ei møtehelg. Ho og Jarle Berland har sidan påske vore på Fitjar, der dei haldt påskemøter, og i kvardagspraten får vi høyre ein liten rapport frå påska. Vi tek også ein prat om det å vere ein medvandrar for dei som jobbar med trua si og kva det betyr å gå med nokon på den vegen. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Apr 13, 2026
Gode søkartal til Sjøholt folkehøgskule
Monday Apr 13, 2026
Monday Apr 13, 2026
Det er gode søkartal til Sjøholt folkehøgskule for skuleåret 2026/2027. Rektor Lars Johan Klokk fortel at ein har over 50 % auke på antal søkarar, og i tillegg auke på ungdom som allereie har takka ja til plassen. Håpet er å lande på i overkant av 70 elevar totalt for komande skuleår, då vil rektor Klokk vere svært nøgd.
Høyr heile intervjuet med rektor, Lars Johan Klokk, ved Sjøholt folkehøgskule.

