Episodes

Tuesday Feb 10, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Feb 10, 2026
Tuesday Feb 10, 2026
Forrige veke var Marit Stokken Berland, og ektemannen Jarle, i Volda og haldt møter. I Kvardagspraten fortel Marit oppglødd om den veka der frelsesglede var eit samlande ord for møta. Stokken Berland fortel også at det å ha ei møteveke ikkje er gått ut på dato.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Feb 09, 2026
Temakveld om håp gjennom sinnet sine svingningar
Monday Feb 09, 2026
Monday Feb 09, 2026
Denne veka skal Helge Ferstad heim til Sunnmøre og halde temakveldar om håp gjennom sinnet sine svingningar.
-Bakgrunnen er at eg ynskjer å dele erfaringskunnskap om å ha diagnosa bipolar en. Det betyr at eg har eit sinn som kan svinge opp i ein mani, som vi kallar det, og den andre sida eg har lyst å snakke om er at det kan gå i ein depresjon, fortel Helge Ferstad.
Han skal på Emblem, Skodje og Vigra å halde temakveldar om dette tysdag, onsdag, og torsdag denne veka. Ferstad ynskjer at ein skal snakke meir om psykisk helse både frå talarstol og i samtalesamanheng, også blant kristne.
Høyr heile intervjuet med Helge Ferstad.

Monday Feb 09, 2026
Klart for Mini-leir på Brusdalsheimen
Monday Feb 09, 2026
Monday Feb 09, 2026
Helga 28. februar til 1. mars er det klart for årets fyrste minileir på Brusdalsheimen, og det skal også arrangerast ein 11. -12. april.
-No er det to minileirar denne våren, fortel Hilde Giske Lukkedal, som har vore med på desse leirane i ei årrekke.
Leiren er for 1.-4. klasse og for mange er det første gong på leir. Det er berre ei overnatting på denne leiren og starter tidleg på føremiddag laurdagen.
- Vi har bibelundervisning, mykje song, mykje leik og sjølvsagt mat, fortel Giske Lukkedal. Det er mellom 30-50 born som brukar å delta på desse minileirane.
Til årets fyrste leir er det allereie over 20 påmeldte born.

Monday Feb 09, 2026
Tårnagent i Ellingsøy kyrkje
Monday Feb 09, 2026
Monday Feb 09, 2026
Ein del av Den Norske Kyrkje sin dåpsoppfylgjing inviterer kyrkja inn born i 2. og 3. klasse til å vere tårnagenter for ei helg. Denne helga var det Ellingsøy kyrkja som arrangerte og 14 agenter meldte sin interesse. Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med ungdomspresten, Christian Siejak, og fire av agentane som deltok, Benjamin, Leander, Emil og Sebastian.
I løpet av dagen løyser agentane oppgåver for å finne ulike skatter i kyrkja.
Høyr heile intervjuet frå tårnagenthelga i Ellingsøy kyrkje.

Friday Feb 06, 2026
To nye barnekor i Sula frikirke
Friday Feb 06, 2026
Friday Feb 06, 2026
I januar i år starta det to nye barnekor i Sula frikirke. Vi har tatt ein prat med Frida Havnegjerde Messinger, barne -og ungdomsarbeidar, om oppstarten av to nye barnekor. Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.

Thursday Feb 05, 2026
Den Indre Sjømannsmisjon på tokt
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
På nyåret er Den Indre Sjømannsmisjon på tokt langs Mørekysten. Andre Sætre, krinsleiar på Sunnmøre, fortel om korleis organisasjonen løyser årets tokt etter at dei måtte selje sin eigen båt i 2025.

Thursday Feb 05, 2026
Intervju med Gro Hofseide
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Denne veka held Gro Hofseide andakt om ankeret. Andaktene og intervjuet er eit atthøyr frå 2025.

Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke 2. februar
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke av Gro Hofseide.

Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke 3. februar
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke av Gro Hofseide.

Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke 4. februar
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke av Gro Hofseide.

