Episodes
Thursday Feb 02, 2017
Trist og vemodig å ta avskjed
Thursday Feb 02, 2017
Thursday Feb 02, 2017
Etter kirkemøtet vedtok ein ny vigselsliturgi for likekjønna ekteskap, varsla soknepresten i Sykkylven, Helge Standal, både biskopen, soknerådet og staben ved kyrkjekontoret at han ikkje kan halde fram som prest. Helge Standal fortel til Radio Sunnmøre at når kyrkja innførar den nye læra kan han ikkje fortsete som ingenting har skjedd.
- Med dette vedtaket er kyrkja i ferd med å endre seg, det er fleire vedtak som går bort frå det eg kan stå for. Eg må jobbe i ein samanheng der eg er motivert og har tru på det eg held på med. Når eg no mistar motivasjonen, er det kanskje best både for meg og kyrkja at eg går ut og finn andre plassar å bruke mitt engasjement.
Det er ei litt trist og vemodig når eg no veljar å forlate kyrkja, det må eg innrømme, seiar Standal.
Han opplevar at Bibelen har meir og meir blitt til at den inneheld Guds ord, men at det er opp til oss å tolke kva som er Guds ord og kva som ikkje er det i Bibelen. Det får konsekvenser både i dåpsliturgi og synet på to utganger i livet.
På spørsmålet om han trur mange prestar vil forlate kyrkja no, seiar han at det er mange som tel på knappane, men velgjer å bli i kyrkja så lenge dei har rom for å forkynne ut i frå Bibelen.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.