Episodes
Monday Jun 21, 2021
Sjømannspresten_Kristianne Stendal Lothe_Del 22
Monday Jun 21, 2021
Monday Jun 21, 2021
Ei ny bølge med Covid-19 har kome over Thailand, og vaksineringa har starta. Ekteparet Lothe frå Ellingsøya er på andre året i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand og har på grunn av korona ikkje fått kome heimatt på ei god stund. Dei ser fram til å få kome til Noreg på ferie og heim til sine nærmaste.
Sjømannskyrkja ynskjer å vere ei kyrkje på lette føter, ei kyrkje som snur seg fort om, og det fortel Kristianne meir om i vekas intervju. Vi får høyre meir om korleis dagane plutseleg blir annleis enn ein fyrst hadde planlagt. Ho fortel og meir om hovudoppgåva deira som er å vere ei omsorgsfull kyrkje som ynskjer å bidra både til livsmeistring og det å bekrefte menneske sin verdi.
I serien Sjømannspresten tek vi denne veka ein prat med Kristianne Stendal Lothe, som saman med ektemannen Annstein Lothe arbeidar i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.