Stortinget skal 26. mai behandle Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet og SVs forslag til endringar i bioteknologilova, ein avtale dei presenterer som "Bioteknologiforliket 2020". Lovleg bruk av lagra sæd frå avdøde, assistert befruktning for einslige, eggdonasjon og NIPT-test til alle kvinner er nokre av hovudpunkta i forliket.

- Stortinget ser ut til å opne veldig mykje opp, men er veldig lite merksame omkring borns rettigheter og borns behov. Argumenta er knytta til dei vaksnes interesser og høgst forståelege behov, og borna kjem i andre rekke. Det bekymrer meg mest, seier Øyvind Håbrekke, fagleg leiar i tankesmien Skaperkraft. Håbrekke har tidlegare vore politisk rådgjevar og statssekretær for både statsråd Einar Steensnæs og statsråd Knut Arild Hareide, og var sjølv innvald på Stortinget i 2009-2013 der han sat i Stortingets familie - og kulturkomitè.

- Vi set borna i ein meir sårbar situasjon når einslige kvinner skal kunne få assistert befruktning. Då mister ein at alle born får ei mamma og ein pappa. Sjølv om einslige mødre kan gje ein god oppvekst, så er det meir sårbart. I tillegg er det nokre store dilemma i retten born har i FNs barnekonvensjon til å kjenne foreldra sine og slekta si, seier Håbrekke i eit intervju med Radio Sunnmøre. Høyr heile intervjuet her.

Share | Download(Loading)