Onsdag denne veka starta kirkemøtet i Trondheim. Her vil det etter alt og døme bli innført ny vigselsliturgi for likekjønna ekteskap. - Eit klart brot på bibelen si lære om ekteskapet, hevdar Helge Standal, sokneprest i Sykkylven.

Helge Standal sit i interimstyret for nettverket "Frimodig Kirke". Nettverket vart starta etter fjorårets kirkemøte, då det vart fleirtal for å innføre ny vigselsliturgi for likekjønna.

Nær 300 prestar er med med, fortel Standal;  - Det er eit nettverk for prestar som følte behov for å møtast og støtte kvarandre i ein situasjon som vi føler er alvorleg for kyrkja vår.

Han seier det er eit stort sprik blant medlemane om vegen vidare. - Nokre kjem til å melde seg ut av kyrkja, nokre vil slutte som prest og andre vil fortsette som prestar for å påvirke og forkynna den tradisjonelle læra. Standal trur dette blir vanskeleg.

- Dette er ei form for surdeig som vil prege og påverke kyrkja. 

Share | Download(Loading)