Episodes
Friday Apr 12, 2024
Med livet i Gud sine hender
Friday Apr 12, 2024
Friday Apr 12, 2024
-Ein må vere ærleg med Gud, både i krise og seire, fortel Yngvar Audun Aarseth til Radio Sunnmøre. Det heile starta i bomberommet på Ellingsøy ungdomsskule. Han tok i mot Gud og sidan då har mykje skjedd. Aarseth flytta etterkvart til Tyskland og har der vore med å planta 11 menigheter med rundt tusen medlemmar. Ein bibelskule har blitt satt i drift og arbeid i Afrika. Dei siste 27 åra har Aarseth også levd med sjukdomen MS. Ei diagnose som vart eit vegkryss i livet. - Det er viktig å alltid kome tilbake til Gud, både når ein opplever seire og kriser, fortel Aarseth. Og med det fokuset på livet har han fått gjort mykje.
No arbeidar han med å få teaterstykket Passion21 til Noreg. Eit pasjonsspel om Jesu lidelseshistorie, som er sett av fleire tusen menneske, då det både har blitt spelt på teater i Tyskland og på riksdekkande fjernsyn, med kjende skodespelarar. Aarseth ynskjer å ta spelet til Noreg med kjende norske skodespelarar i 2025, og Ålesund er ein sjølvsagt plass å besøke for Aarseth.
Høyr heile historia til Yngvar Audun Aarseth på Radio Sunnmøre.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.