Episodes
Friday Feb 10, 2017
Ein milepæl med ny katalog
Friday Feb 10, 2017
Friday Feb 10, 2017
- Det er ein milepæl for oss og veldig spennende når vi skal gjere noko så nytt,- Det er ein milepæl for oss og veldig spennende når vi skal gjere noko så nytt, seier dagleg leiar,Aud Kindervåg Halsne. Det er veldig mange turar og stor variasjon i utvalget. Og vi har heller ikkje fått plass til alle turane vi produserar, i katalogen.
Ho seier at dette året utmerkar seg som eit jubilemsår, Luther 500 år, kyrkja i Madagaskar 150 år og dei feirer 30 år med Bibelferie på Kypros samt på Beitostølen for tjuande året.
-Eller er det eit vidt spekter med turar, lovsangskonferanse i Nashville, i Edvard Hoems fotspor i Midtvesten USA og sykkeltur rundt Balatonsjøen mellom anna, seier Aud Kindervåg Halsne.
Wednesday Feb 08, 2017
Fokus på India
Wednesday Feb 08, 2017
Wednesday Feb 08, 2017
Wednesday Feb 08, 2017
Ynskjer å gjere det lett for flyktningar og nordmenn å komme i kontakt
Wednesday Feb 08, 2017
Wednesday Feb 08, 2017
For eit drøyt år sidan kom det en app i Sverige som heiter Welcome!. Over 20.000 svensker har lasta ned appen som skal gjere det enklare å integrere flyktningar som kjem til landet. No har appen også blitt lansert i Norge av den kristne tankesmia Skaperkraft.
Denne appen er ein veldig enkel måte for flyktningar og normenn å komme kontakt, seier Randi Espegren. som er tilknytta tankesmia Skaperkraft.
Det var det vi falt for, å hjelpe nordmenn og flyktningar på ein helt enkel måte å knytte kontakt og knytte relasjoner.
Espegren fortel at etter berre ein månad her i Norge har tusenvis lasta ned appen Welcome!.
Friday Feb 03, 2017
-Israel, einaste frie land i Midtausten
Friday Feb 03, 2017
Friday Feb 03, 2017
I fylgje ein rapport frå Freedom House er Israel det einaste frie land i Midtausten. Ein ny rapport kom denne veka og Kenneth Rasmussen, avisa Dagen sin Israel-korrespondent, gjev oss innholdet i dette intervjuet.
Han fortel også at den nye Generalsekretæren for FN, António Guterres, har gjeve uttalelser om tempelplassen som har skapt uro mellom muslimane, men glede i Israel.
Thursday Feb 02, 2017
Trist og vemodig å ta avskjed
Thursday Feb 02, 2017
Thursday Feb 02, 2017
Etter kirkemøtet vedtok ein ny vigselsliturgi for likekjønna ekteskap, varsla soknepresten i Sykkylven, Helge Standal, både biskopen, soknerådet og staben ved kyrkjekontoret at han ikkje kan halde fram som prest. Helge Standal fortel til Radio Sunnmøre at når kyrkja innførar den nye læra kan han ikkje fortsete som ingenting har skjedd.
- Med dette vedtaket er kyrkja i ferd med å endre seg, det er fleire vedtak som går bort frå det eg kan stå for. Eg må jobbe i ein samanheng der eg er motivert og har tru på det eg held på med. Når eg no mistar motivasjonen, er det kanskje best både for meg og kyrkja at eg går ut og finn andre plassar å bruke mitt engasjement.
Det er ei litt trist og vemodig når eg no veljar å forlate kyrkja, det må eg innrømme, seiar Standal.
Han opplevar at Bibelen har meir og meir blitt til at den inneheld Guds ord, men at det er opp til oss å tolke kva som er Guds ord og kva som ikkje er det i Bibelen. Det får konsekvenser både i dåpsliturgi og synet på to utganger i livet.
På spørsmålet om han trur mange prestar vil forlate kyrkja no, seiar han at det er mange som tel på knappane, men velgjer å bli i kyrkja så lenge dei har rom for å forkynne ut i frå Bibelen.
Wednesday Feb 01, 2017
Feirar 5 år og utvidar staben
Wednesday Feb 01, 2017
Wednesday Feb 01, 2017
Ordet Fermate er italiensk og betyr stopp. I sjelesorga som omfattar omsorg for heile mennesket, henvisar namnet Fermate til at det også kan kome tider i livet då man kan trenge eit stopp, en pustepause, ei tid for refleksjon og opprydning i ulike ting, forklarar Iris Vartdal Klausen, dagleg leiar.
Fermate Sunnmøre feira no i januar 5 års jubileum. Fermate er eit ressurssenter for sjelesorg og veiledning.