Episodes

Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke 18. februar
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke av Oddrun Malum Bjørdal.

Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke 19. februar
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke av Oddrun Malum Bjørdal.

Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke 20. februar
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke av Oddrun Malum Bjørdal.

Wednesday Feb 18, 2026
Søndagens tekst 22. februar
Wednesday Feb 18, 2026
Wednesday Feb 18, 2026
I Søndagens tekst for 22. februar handlar det om teksta i Matteus 4, 1-11. Teksta handlar om då Jesus vart freista. I ein samtale med prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ser vi på kva teksta handlar om.

Wednesday Feb 18, 2026
Fleire døypte i Immanuelkirka i Tel Aviv
Wednesday Feb 18, 2026
Wednesday Feb 18, 2026
Det er no opp om sju personar som døyper seg i året i Immanuelkirka i Tel Aviv, og pastor Eyvind Volle fortel at det har endra seg frå å vere kanskje ein i året. Det er ei høgare tilstrøyming til kyrkja og ei større interesse for den kristne tru. Det merkar pastorparet Siw Anita og Eyvind Volle, som dei to siste åra har delt ut fleirfaldige biblar og starta nye bibelgrupper.
Høyr heile praten med Eyvind Volle, som for tida er på Sunnmøre.

Tuesday Feb 17, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Feb 17, 2026
Tuesday Feb 17, 2026
I kvardagspraten denne veka får vi høyre om en Gud som ikkje gløymer oss på lik linje med ei mor som ikkje gløymer sitt nyfødde born. Vi får høyre om ein fantastisk basar på Alnes, og om eit flott møte på Emblem. Også arbeide i Bedehuskanalen byr på spanande ting dette året.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Feb 16, 2026
Fantastisk radiokveld på Gomerhuset Skodje
Monday Feb 16, 2026
Monday Feb 16, 2026
Det var eit fantastisk frammøte av rundt 300 menneske i Gomerhuset på Skodje søndag ettermiddag, då Radio Sunnmøre inviterte til ei temasamling om Sannhetens pris. Hovedgjest Dag Inge Ulstein, partileiar for KrF, delte i samtale med redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, kva det er som gjer at han vågar å stå fast på dei kristne verdiane og den kristne trua i dagens samfunnsdebattar. Han fortalde også om kva det kan koste å gjere det.
Vi fekk også ein samtale med prost Karl Johan Bjørge om sanninga i den kristne trua, og om kva som skal til for å snakke om den kristne tru som sann. Og i tillegg fekk vi meget god song og musikk av Gutane frå Sula Frikirke, og Lill-Sissel og Tom Giske frå Ellingsøya.
Det heile vart runda av med kaker, sponsa av Ålesund folkehøgskule, og kaffi som Skodje bedehusforsamling stod for det praktiske rundt.
Fleire av dei som møtte fram uttrykte stort engasjement rundt samlingas tema, og at det å vere frimodig var det fleire som meinte ein kunne bli betre på.
Vi tok ein prat med Alf Christian Grøtteland, Lars Magne Haram, Hanna Løvold, Eli Remme, Åshild Kopperstad, Dag Inge Ulstein og Arnstein Rødset.

Friday Feb 13, 2026
Gratis onsdagskonserter på Brosundet hotell
Friday Feb 13, 2026
Friday Feb 13, 2026
Kvar onsdag held Brosundet hotell konsertar med ulike lokale aktørar. Onsdag 4. februar var det Ole Andreas Høyberg og Kåre Skare Lystad som haldt konsert, og vår utegåande reporter Helge Åkerens var tilstades og tok tempen både blant aktørar og publikum.

Friday Feb 13, 2026
Skodje kyrkjekor markerer valentinsdagen
Friday Feb 13, 2026
Friday Feb 13, 2026
På sjølveste valentinsdagen, laurdag 14. februar, arrangerer Skodje kyrkjekor brennsnutkonsert. Vi har tatt ein prat med Kari Grindvik om dette arrangementet.

Thursday Feb 12, 2026
Vedtak om sal av Orreneset utsett til nytt årsmøte
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Onsdag 11. februar kalla ImF Sunnmøre inn til eit ekstraordinert årsmøte. I innkallinga til det ekstraordinære årsmøtet innstiller krinsstyret forslag til vedtak, at ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreiinga til årsmøtet.
Det var stort engasjement på det ekstraordinere årsmøtet til ImF Sunnmøre onsdag 11. februar, då sal av Orreneset Misjonssenter stor på agendaen.
Fleire tok til orde for at dette måtte utgreiast betre juridisk, også med tanke på klausular frå tidlegare vedhøyrande sal måtte gjennomgåast betre, samt klausular for misjonssenterets framtid med tanke på å kunne bruke leirstaden til misjonsverksemd. Det var viktig for utsendingane å få tryggleik for at Orreneset også i framtida vil vere ein misjonsstasjon.
Det var 46 som stemte for å greie ut saka betre til eit nytt ekstraordinert årsmøte i slutten av april, og det var heile 29 som stemte mot sal av Orreneset misjonssenteret. Det var totalt 75 stemmerettiga utsendingar tilstades.
Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med utsending Odd Frode Roaldsnes og Johan Per Sunde, samt styremedlem for Orreneset Håkon Hovda, og formann for Imf Sunnmøre Arvid Ødegård.

