
207K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Mar 4, 2025
Mar 4, 2025
9 min
Mandag reiste alle elevane ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda med buss til Trondheim. VM var målet og denne veka er dei med som funksjonærar med ulike oppgåver både utanfor og innanfor løypene. Vi tok ein prat med inspektør Lars Johan Stokken og elevane David Lundanes, Daniel Nome og Daniel Lothe om det som venta dei denne veka.

Mar 3, 2025
Mar 3, 2025
6 min
Dagleg leiar i MAF, Willy Ludvigsen, seier til Radio Sunnmøre at det no pågår ein tsunami av vald i Øst-Kongo. Dette er ein krig som blir overskygga av krigane som no er gåande i Ukraina og i Midt-Austen. Høyr heile interjvuet med Ludvigsen om det som no foregår i Øst-Kongo, og den hjelpa MAF bringer inn i området.

Feb 28, 2025
Feb 28, 2025
9 min
I februar har dagleg leiar i North South Partnership Aid (NSP Aid), Anders Myrene, vore på tur til Kenya. I eit nytt program fortel han frå møta han hadde der og frå ei gudsteneste han fekk delta på. Høyr nyaste programmet frå NSP Aid.

Feb 28, 2025
Feb 28, 2025
6 min
Den norske Israelsmisjon (DNI) skal ha inspirasjonshelg på Emblem bedehus 7.-9. mars. Bjørn Lauritzen er hovedtaler denne helga, som til vanleg er fritidsforkynnar for DNI. I løpet av eit seminar og tø møter vil han blant anna tale over det som står i Bibelen om trua sine jødiske røter og om sionisme angår oss. Høyr intervjuet med Bjørn Lauritzen der vi snakkar litt om dei ulike tema som kjem opp i løpet av inspirasjonshelga.

Feb 26, 2025
Feb 26, 2025
3 min
Alt var mye bedre før, sier folk rundt meg, spesielt når det snakkes om mediene. «Alt var mye bedre før, da vi ikke hadde sosiale medier og sammenligningsmaterialet ikke var så tilgjengelig.» Jeg er på en måte enig. Det var ikke så tilgjengelig. Men det var heller ikke de positive sidene sosiale medier bringer med seg – mangfoldet, bredden og kreativiteten.
Høyr heile vekas mediekommentar frå Tro&Medier av Jenny Ofrim Bruvik.

Feb 26, 2025
Feb 26, 2025
9 min
I år feirer Vigra og Valderøy Misjonsallianseforeining 50 år og det skal markerast med Damenes aften mandag 24. mars på Valderøy bedehus. Songevangelist Sølvi Helen Hopland Aemmer og Liv Anna Furnes blir med under feiringa, og det blir også generalsekretær for Misjonsalliansen Heidi Sandvand Hegertun. Sistnevnte fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om det arbeidet Misjonsalliansen driv i dag, og om kor ho gler seg til å kome til Valderøya for fyrste gong. Under markeringa vil det vere fokus på å bli fadder til arbeidet, som er noko av det viktigaste inntektsgrunnlaget for organisasjonen sitt arbeid.
Misjonsalliansen er ein 124 år gamal kristen bistandsorganisasjon med fokus på dei fattigaste landa. Arbeidet deira er å redusere fattigdom og dele evangeliet, og å gje dei fattige fleire muligheter til å hjelpe seg og sin familie.
Høyr heile intervjuet med generalsekretær Heidi Sandvand Hegertun.

Feb 25, 2025
Feb 25, 2025
5 min
Vyborghjelpen som i 30 år har drevet med hjelpesendinger til Russland, har lagt ned
virksomheten. Grunnen er krigen Russland fører mot Ukraina.
-Vedtaket var enstemmig da landsrådet var samlet på Brusdalsheimen sist helg, sier tidligere
styreleder Jon Teigen. Det er nå valgt et forvaltningsstyre som skal fordele pengene når
krigen en gang er slutt. De skal fortsatt gå til prosjekter som de var tiltenkt for.
-Jon Teigen sier at det er vemodig å legge ned denne virksomheten som mange har gode
minner fra, men han tror det vil være vanskelig å vekke opp det store engasjementet på nytt
etter det Russland har gjort.

Feb 25, 2025
Feb 25, 2025
7 min
Denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes, som no er klar med ny giv etter nokre veker med influensa. Vi får høyre ein rapport frå møteveka i Gudbrandsdalen, innspeling av nye bøneprogram og ein hyggekveld på Valderøya med Plussreiser. Alnes gir oss også eit lite ord for veka om det å vere frimodig og sterk.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Feb 24, 2025
Feb 24, 2025
8 min
Fyrste søndag i advent i 2024 vart Karl Johan Bjørge innsatt som prost i Nordre Sunnmøre prosti. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han no etter nokre månader har begyndt å få litt oversikt over det største og mest folkerike prostiet på Møre. Jobben går ut på å leie prestetenesta og at alle sokna har sin prest. I tillegg har han i denne rolla moglegheit til å tenke nytt, og når han no tenker framover ynskjer han å vere med på trenden med at fleire unge no søker til kristne trussamfunn. Høyr heile praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Feb 24, 2025
Feb 24, 2025
6 min
Ungdom i oppdrag i Ålesund arrangerer laurdag 8. mars basar til inntekt for nytt tak. Det gamle bedehuset i Ålesund, som no har fått namnet Katedralen etter at UiO tok over huset, treng nytt tak. Og med tanke på kostnadane med å legge nytt tak arrangerer dei no ein stor basar for å kunne dekke kostnader med dette. Victor Boge er lokal medarbeider i Ålesund og har vore i studio for å fortelje meir om båda renoveringsprosjektet, basaren og arbeidet til UiO Ålesund.
