Episodes

Mar 13, 2025

Mar 13, 2025

Mar 12, 2025
Røde Kors tilbyr leksehjelp
Mar 12, 2025
Mar 12, 2025
6 min
Røde Kors tilbyr leksehjelp på Spjelkavik ungdomsskule. Leksehjelp er eit sjeldant tilbod på ungdomsskulane rundt om i distriktet, men etter forespurnad frå skulen sjølv tok Røde Kors tak i dette. Ingrid Sperre er med som frivilleg i dette arbeidet, og Esther Kalvø er tilsett i Røde Kors. Dei fortel at tilbodet er godt motteke av ungdommen sjølv og at det no er behov for fleire frivillege som kan stille ein gong i veka.
Høyr heile intervjuet med Ingrid Sperre og Esther Kalvø.

Mar 12, 2025
Plussreiser med ny katalog
Mar 12, 2025
Mar 12, 2025
9 min
Det er fleire nye og spennande turer på trappene når Plussreiser no lanserer sin nyaste katalog. Dagleg leiar, Aud Kindervåg Halsne, fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om dei ulike satsningane som gjerast for å lage gode reiser med godt innhald for Plussreiser sine reisande. Turane skal vere noko meir enn berre ein tur, og fleire av turmåla har også eit bibelsk innhald. Det er både aktiv turar, ulike jubileum og turar til varmare strøk.
Høyr heile intervjuet med Aud Kindervåg Halsne, dagleg leiar i Plussreiser.

Mar 11, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Mar 11, 2025
Mar 11, 2025
4 min
Den siste veka har Irene Krokeide Alnes vore i Vardø og halde møter. Ho har eit stort hjarte for misjonsarbeid i Finnmark, og vi får høyre glimt av møteveka i kvardagspraten. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

Mar 11, 2025
Til Egypt i fastetida
Mar 11, 2025
Mar 11, 2025
10 min
I fastetida reiser Geir Sakseide til Egypt. Han er sokneprest i Ålesund og rådgivar for Det Norske Misjonsselskap med Midtausten som ansvarsområde. I det nyaste intervjuet med Sakseide fortel han om arbeidet han no skal besøke i Egypt.
Høyr heile intervjuet med Geir Sakseide.

Mar 10, 2025
Håpar på normale tider
Mar 10, 2025
Mar 10, 2025
7 min
I Israel håpar Eyvind Volle, pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv, på normale tider. Gislane er på veg heim frå Gaza og det er det som pregar samtalane til innbyggarane i Israel. Særskild dei to borna som var dø då dei vart overlevert til Israel, har gjort sterkt inntrykk.
Eyvind Volle fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om situasjonen i Israel slik den er no.

Mar 10, 2025
Nyheter frå Lunde forlag
Mar 10, 2025
Mar 10, 2025
7 min
Forlagshuset Lunde har kome med nyheter og redaktør Andreas Kristiansen fortel om nokre av dei til Radio Sunnmøre. Korleis kan ein snakke om tru på ein forståeleg måte, og korleis kan ein svare på vanskelege spørsmål? Dette er noko av det Joakim Sundnes prøvar å gje svar på i boka Hva tror du på egentlig? I tillegg har Lunde gitt ut ei bok om det pastoren din vil du skal lese. Det er Christopher Ash som har skive denne, og ynskje med den er at ein ved å lese denne boka kan hjelpe kvarandre til å bli ei betre forsamling og ein betre kristen. Kristiansen nemner også ei ny barnebok som er skrive ut frå historia om sonen som rømde heimanifrå og kom heimatt, og til slutt ei ny bok av Kurt Hjemdal.
Høyr heile intervjuet med redaktør Andreas Kristiansen.

Mar 8, 2025
Trivsel på Molde folkehøgskule
Mar 8, 2025
Mar 8, 2025
10 min
Ida Jensen Vadla og Ada Ørnes Tvedt går dette åre på Molde folkehøgskule. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel dei engasjert om eit flott år på skulen og god trivsel. Rektor Oddvar Sæter gjev oss også eit innblikk i søknadstala for hausten, og fortel korleis årets skuleår har vore.

Mar 7, 2025
Ord til ettertanke_Intervju med Gro Hofseide
Mar 7, 2025
Mar 7, 2025
4 min
Kva har du i ditt hus? Det spørsmålet stiller Gro Hofseide i denne vekas ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho tek utgangspunkt i Elisja i vekas andakter. Hofseide bur på Ellingsøya og reiser rundt som fritidsforkynnar. Tida elles går mykje til barnebarn og friluftsliv.
Høyr heile intervjuet med Gro Hofseide.

