Episodes

Jun 20, 2025
Årets Oase-stemne
Jun 20, 2025
Jun 20, 2025
6 min
Årets Oase-stemne blir også dette året i Fredrikstad, og det som blir trekt fram i år er eit seminar om kva som skal til for å hjelpe den unge generasjonen i kristenlivet. Mette Ellinor Boye er i arrangementskomiteen og fortel i eit intervju om årets program. Påmeldinga til årets stemne er allereie godt i gong. Høyr heile intervjuet med Boye.

Jun 19, 2025
Nervar før muntleg eksamen
Jun 19, 2025
Jun 19, 2025
9 min
Korleis er det å vere ein av dei som kjem opp i muntleg avsluttande eksamen? Vi fekk vere med Christian Myklebust Shimeles, avgongselev ved Vestborg vidaregåande skule, då han skulle opp i muntleg eksamen onsdag 18. juni. Han er no ferdig med tre år ved skulen og skal vidare til Bildøy bibelskule. Myklebust Shimeles, frå Sykkylven, har berre gode ord å fortelje om skulen etter tre år, og legg stor vekt på at han har fått vokse som person og blitt tryggare i si kristne tru.

Jun 18, 2025
VIktig med kristen lærerhøgskule
Jun 18, 2025
Jun 18, 2025
8 min
NLA høgskulen driv breidt innan utdanningsområder og held til i fleire byar. Vi har tatt ein prat med Rolf Kjøde som også legg vekt på at det er viktig med ein kristen lærarhøgskule.

Jun 18, 2025
Klart for Lyngdal bibelcamp
Jun 18, 2025
Jun 18, 2025
6 min
Staben ved Lyngdal bibelcamp, med Kenneth Foss i spissen, er også denne sommaren klar for storinnrykk. Foss er programansvarleg for bibelcampen som varer i fire veker frå og med veke 27. Folk bur anten på rom, i telt eller i campingvogn og er med på heile dagsprogrammet, og i tillegg kjem det fastbuande i området på møta. Vi høyrer med Kenneth Foss om det som skjer i år.

Jun 17, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Jun 17, 2025
Jun 17, 2025
7 min
I sommarens siste kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes får vi høyre henne fortelle om The Send. Det arrangerast i Sparebanken Møre Arena laurdag 21. juni og Krokeide Alnes skal innleie konferansen med ein apell. I kvardagspraten idag fortel ho om at det ikkje er noko som samlar generasjonar slik som ein vekkelse, og det er også det ein ynskjer med The Send. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Jun 16, 2025
Japanmisjonær i 41 år
Jun 16, 2025
Jun 16, 2025
11 min
I 41 år har Ingebjørg Hildre vore misjonær i Japan for Misjonssambandet. Ho driv ein barnehage der dei blant anna underviser om den kristne trua. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho ivrig om tenesta ho står i og ein kan høyre heilt til Noreg at engasjementet for dei små borna er på topp. Høyr heile intervjuet med Ingebjørg Hildre på Radio Sunnmøre.

Jun 16, 2025
Populær Sommerles ved Ålesund bibliotek
Jun 16, 2025
Jun 16, 2025
4 min
Det er ei hektisk tid på biblioteket i Ålesund når sommaren nærmar seg. Biblioteket har ei lesekampanje kalt Sommarles om sommaren, og den går ut på at dess meir borna les oppareidar dei seg poeng og blir premiert på ulike delmål. Vi har tatt ein prat med bibliotekar Anja Heimland Løkling om korleis dette foregår. Ynskje med kampanjen er å opparbeide leseglede blant borna.

Jun 13, 2025
Spennande tider i TelAviv
Jun 13, 2025
Jun 13, 2025
7 min
Det er spennande tider i TelAviv når det til tider kjem raketter flygande og alarmane går i tider og utider. Nyleg feira dei pinse i Immanuelkirka, der Eyvind Volle er pastor. Dette får vi høyre meir om den nyaste praten med Eyvind Volle.

Jun 12, 2025
Kulturdryss med Ungdomskoret Respons
Jun 12, 2025
Jun 12, 2025
6 min
Mandag 16. juni arrangerer Ungdomskoret Respons på Emblem bedehus. Det er ein kveld med koret Respons, Adam Cliff og tidligare kormedlemmar med meir. Koret gjer dette for å gjere noko meir, og som ei avslutning for koret før sommaren. Vi har tatt ein prat med korleiar Arild Berstad.

Jun 11, 2025
Kjem som hovedtalar på Sommertreffet
Jun 11, 2025
Jun 11, 2025
8 min
I helga er det Sommartreff på Ålesund Folkehøgskule med ImF Sunnmøre. Gunnar Ferstad kjem som hovedtalar. Han er opprinneleg frå Sunnmøre, men arbeider no som pastor i Straume Forum. Til helga er temaet Skriv din historie og Ferstad kjem til å tale om det at Gud bruker menneske til å skrive sin historie.

