Episodes

Aug 29, 2025
Aug 29, 2025
17 min
I sommar var Te`ena Behn Haim i Noreg på ferie saman med ektemannen. Dei bur til dagleg i Jerusalem, og dei har to born som er aktive i militæret i Israel. Då dei var i Noreg på ferie fulgte ho med på mediedekninga av Israel og synest det er fasinerande at Israel blir behandla som ei norsk kommune under stortingsvalet.
-Det er akkurat som ein har mista litt perspektivet rundt dette. Og det verkar som dei fleste i Noreg har kjøpt eit narrativ frå Hamas, som blir ein høgtalar for dei, uttalar Behn Haim i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho er sterkt kritisk til all feilinformasjon som blir spreidd, og skjønar også at det er vanskeleg for nordmenn å vite kva som er sanning i det som blir servert i norske medier.

Aug 29, 2025
Emblemsfjellet opp
Aug 29, 2025
Aug 29, 2025
4 min
Søndag er det på ny Emblemsfjellet opp, eit løp for både born og vaksne og turbingo i tillegg. Jan Ketil Vinnes fortel ta det startar fyrst med ei familiesamling med kiosksal og turbingo ved Emblem bedehus. Deretter startar løpet frå Emblemssanden og opp på fjellet. Det er ulike distansar på løpet i tre ulike løyper. Når ein kjem i mål er der ein speaker som ropar dei møtte i mål.
Det er Ålesundsløpa som er med å arrangere løpet saman med Åpne Dører, og inntektene går til det arbeidet.
Høyr intervjuet med Jan Ketil Vinnes. Det er Helge Åkernes som har gjort intervjuet.

Aug 29, 2025
Vestborg vgs trekker nye elevgrupper
Aug 29, 2025
Aug 29, 2025
6 min
Denne hausten har Vestborg vidaregåande skule 94 elevar, derav 31 elevar startar sitt fyrste år. Jon Ove Holen, rektor ved skulen, er stornøgd med elevtalet. Dei aller fleste elevane kjem frå Møre & Romsdal, men der er også elevar frå andre fylker i landet. Ein ser at kristne internatskular no har ein oppadgåande trend. Holen fortel også at det er så mykje snakk om nedlegging av skular, at dei kjenner ei tryggheit ved å søke seg til ein friskule.
Høyr intervjuet med rektor Jon Ove Holen. Det er Johan Behrentz som har gjort intervjuet.

Aug 29, 2025
Søndagsskulens dag på Hakallegarden
Aug 29, 2025
Aug 29, 2025
5 min
Søndag er det Søndagsskulens dag på Hakallegarden på Søre-Sunnmøre. Då inviterer Søndagsskulen lag frå heile Sunnmøre til ein super dag. Vi har tatt ein prat med Hilde Balsnes Lande, frivillighetsrådgivar i Søndagsskulen, som fortel mykje om dagens opplegg.
Hilde Balsnes Lande er intervjua av Helge Åkernes.

Aug 28, 2025
Intervju med Gro Hofseide
Aug 28, 2025
Aug 28, 2025
3 min
Denne veka er det Gro Hofseide som har Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I dei fem andaktene snakkar ho om å ha eit anker i livet, og for henne sjølv handlar det om trua på Jesus. Høyr heile praten og andakten på Radio Sunnmøre.

Aug 28, 2025

Aug 28, 2025

Aug 28, 2025

Aug 28, 2025

Aug 28, 2025

