Episodes

Sep 10, 2025
Inn på Stortinget for KrF
Sep 10, 2025
Sep 10, 2025
11 min
Andre gong på val til Stortinget klarte Harry Valderhaug å ta plassen for KrF i Møre & Romsdal. - Det må eg berre sei, at det laget vi har i Møre & Romsdal, frå nord til sør, indre og ytre, det er kjempebra. Det har vore ein veldig motivasjon i partiet, fortel Valderhaug til Radio Sunnmøre dagen etter valet. Han takkar for ein formidabel jobb i valkampen. Valderhaug trekker også fram partileiaren, Dag Inge Ulstein, som har vore i fylket ved fleire anledningar under valkampen og meinar han har gjort ein god jobb.
No ser Harry Valderhaug fram til ei periode på Stortinget og er spent på kva arbeidsområde han får tildelt Han trekk fram i intervjuet at no vil KrF jobbe med dei verdiane dei har gått til val på og dei fire hovedområda sine. - Det er noko med når vi har verdisaker som nærmast går på liv og død, så er det noko med at du gir respons ut til velgerane dine at du er den du utgir deg for å vere. At vi er å kjenne igjen som parti og vårt verdistandpunkt, seier Valderhaug er noko av det han trur gjer at dei har gjort eit godt val.
Høyr heile intervjuet med Harry Valderhaug.

Sep 9, 2025
Bravo-leken blir samisk
Sep 9, 2025
Sep 9, 2025
7 min
Bravo-leken er eit systematisk og leikbasert verktøy, som er basert på barn i barnehagealder. Elisabeth Hunnes og Heidi Aabrekk, som bur i Ålesund og Sandane, har i 16 år utvikla det svært populære språkverktøyet Bravo-leken som har over tusen brukera. No har dei fått 1,3 millioner kroner av Sametings-rådet for å utvikle eit ferdig opplegg på samisk. Målet med leikar er å gje eit verktøy til betre språkopplæring. Høyr heile intervjuet med Elisabeth Hunnes.

Sep 9, 2025
Kvardagspraten
Sep 9, 2025
Sep 9, 2025
7 min
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje frå møtehelga i Bremanger. Søndagen avslutta med eit impulsivt songmøte på 1,5 time i etterkant av eit like longt møte. Ho delar også nokre tankar om å stoppe opp og lytte. - Det er lett å gå glipp av det viktigaste, fordi vi har det så travelt, men så er Jesus der midt i kvardagen, seier Marit Stokken Berland.

Sep 8, 2025
Etter opphaldet på Mercy Ships
Sep 8, 2025
Sep 8, 2025
11 min
For ein og halv månad sidan kom Katrine Bjørdal Løvoll heimatt etter eit opphald på Mercyships på Madagaskar. No er ho tilbake på Radio Sunnmøre for å fortelje om korleis dette var. -Det gir hundre gongar tilbake å få lov til å hjelpe, fortel Bjørdal Løvoll, om opplevinga å ha fått lov til å hjelpe til som sjukepleiar ein månad på Mercyship.

Sep 8, 2025
Nytt frå Kjeldsund leirstad
Sep 8, 2025
Sep 8, 2025
6 min
På Kjeldsund leirstad har dei nyleg bytta tak og dagleg leiar, Trygve Danbolt Øygard, fortel at han no er glad for eit tett tak. I sommar har dei også hatt besøk av fleire grupper med barn og unge, og i august var det Camp Kjeldsund med familieleir. Vi har tatt ein prat med Trygve Danbolt Øygard, dagleg leiar ved Kjeldsund leirstad om kva som skjer på leirstaden.

Sep 5, 2025
Morgonbøn og kaffe på Espresso House
Sep 5, 2025
Sep 5, 2025
7 min
Kvar fredag før sola skin sit ein gjeng med menn og drikk kaffi og ber på Espresso House på Moa. Vidar Aasebø, saman med fleire, startar dagen kl. 0700 med morgonbøn, prat og kaffi. Ein viktig møtestad for både prat og omsorg. Høyr heile intervjuet med Vidar Aasebø.

Sep 4, 2025
Gla Sang med Bob Dylan på norsk
Sep 4, 2025
Sep 4, 2025
5 min
Fredag 5. september blir det på ny Gla`sang kveld på Fiskerstrand bedehus. Denne gongen med Bob Dylan songar på norsk. Det er Tor Rødseth med fleire som har kvelden. Høyr intervjuet med Tor Rødseth på Radio Sunnmøre.

Sep 4, 2025
Frivillig i menighet
Sep 4, 2025
Sep 4, 2025
11 min
Han er glad i duppedingser og tekniske ting, og elskar å fikse på gamle ting som kan nyttast igjen. Bjørn Kolvik har alltid vore interessert i lyd og lydteknikk. Han er i dag aktiv i Vineyard menighet og har eit frivillig engasjement i kristent arbeid og i å hjelpe andre som treng ei ekstra hand. Etter ein fjelltur på Sulafjellet vart han ufør, og vi får høyre heile historia i eit intervju med Bjørn Kolvik på Radio Sunnmøre.

Sep 4, 2025
Sep 4, 2025
3 min
Denne veka er det Magne Arild Torgersen som har Ord til etteratanke på Radio Sunnmøre. Han bur på Sunnmøre og har vakse opp i Stavanger og delvis i Etiopia. Han er pensjonist og fritidsforkynnar. I andaktene denne veka delar Torgersen ei omsorg og ei naud for at at folk skal få eit møte med Jesus. Han delar i intervjuet om då han sjølv vart ein kristen.

Sep 4, 2025
Ord til ettertanke 1. september
Sep 4, 2025
Sep 4, 2025
3 min
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

