Episodes

Friday Jan 24, 2025
Vestborg er landets beste vidaregåande skule
Friday Jan 24, 2025
Friday Jan 24, 2025
I ei ny undersøking kjem det fram at Vestborg vidaregåande skule på Stranda, eigd av Misjonssambandet, er landets beste skule av i alt 400 skular. Lars Johan Stokken, studierådgivar og lærar, fortel at ein no ventar høg søkarmasse til hausten. Han fortel også at ersom ein ynskjer plass på skulen hausten 2025 bør ein setje Vestborg øverst på ynskjelista, for å ha større moglegheit om søkarmassa blir høg.
Stokken fortel at Vestborg har fleire verdiar i fokus gjennom skuleåret, og han trur at ein no ser resultatet av det. Og er trivsel og miljøfaktoren god i eit læringsmiljø, så er også grunnlaget for god læring lagt.
Høy heile intervjuet med Lars Johan Stokken, lærar og studierådgivar ved Vestborg vgs.

Thursday Jan 23, 2025
Mediekommentaren frå Tro & Medier
Thursday Jan 23, 2025
Thursday Jan 23, 2025
Blir Facebook ein boltreplass for fake news? Det er tittelen på vekas mediekommentar frå Tro & Medier. Det er dagleg leiar, Jarle Haugland, som delar sine tankar rundt fleire endringar på sosiale plattformer som Facebook, Instagram og Threads.
Høyr heile mediekommentaren på Radio Sunnmøre.

Wednesday Jan 22, 2025
Aalesund gospelkor slepp eigne låtar
Wednesday Jan 22, 2025
Wednesday Jan 22, 2025
Aalesund Gospelkor skal 8. februar sleppe eigenproduserte gospelsongar under ein stor gospelkonsert i Pinsekirka Moa. Under konserten har dei med kapellmester Trond Lien, Kim Ofstad på trommer og Kjell Harald Litangen på gitar. Denne helga er det også Aalesund Gospelweekend, så dei påmelde til denne weekenden blir med i eit prosjektkor laurdagskvelden.
I tillegg til denne helga skal koret på turne saman med Samuel Ljungblahd på Vestlandet helga 3.- 6. april.
Høyr heile intervjuet med Anne Line Dahl Jerstad.

Wednesday Jan 22, 2025
Spenningar rundt våpenkvile
Wednesday Jan 22, 2025
Wednesday Jan 22, 2025
Før helga tok vi ein nyt prat med Eyvind Volle, pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv, om kva dei lokale der tenker om våpenkvileavtalen. Vi tok praten med Volle dagen før avtalen kom i hamn. I praten kjem vi også inn på korleis jula og nyttåret vart markert i Israel, og korleis det er å vere nordmenn i det landet rundt slike høgtider.
Høyr heile praten med Eyvind Volle.

Tuesday Jan 21, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_210125
Tuesday Jan 21, 2025
Tuesday Jan 21, 2025
I kvardagspraten får vi høyre om kjekke dagar på Berge bedehus, der Marit & Irene haldt møteveke forrige veke. Det å be saman fekk ny betydning for fleire.
Vi tek også ein prat om helgas jubileum for Radio Sunnmøre, og betydninga kristen lokalradio har hatt for mange gjennom alle desse tiåra. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Jan 20, 2025
Vestborgrussen på sin årlege turne
Monday Jan 20, 2025
Monday Jan 20, 2025
I helga var Vestborgrussen delt inn i grupper på tre, der kvar gruppe reiste rundt og haldt møter i bygdene på Sunnmøre. Vinja Marie Blomli, Victoria Julia Mezyk og Simon Elsesser var i Valldal då Radio Sunnmøre ringde dei midt i turneen. Dei hadde med seg talar Oscar Nordbø og kunne fortelje om at det å halde møter var nytt for fleire av dei. På møta fortalde dei om misjonsprosjektet i Indonesia, om Vestborg og delte andakt og musikk.
Høyr intervjuet med ei av gruppene på Vestborgturne.

Friday Jan 17, 2025
Brukte kosebamsar gir stor glede i Kenya
Friday Jan 17, 2025
Friday Jan 17, 2025
I dagens episode frå North South Partnership Aid får vi høyre Elisabeth Marøy fortelje frå turen til Kenya hausten 2024. Ho og elevar frå vidaregåande skular på Sunnmøre hadde med seg fleire koffertar med brukte kosebamsar som dei delte ut til borna i Mallaika Villages Kiserian. Vi får også høyre om at ho i desember stilte seg opp på Amfi Moa og tok inn fleire titals brukte kosebamsar som skal til Kenya ved fyrste anledning.
Høyr vekas episode frå NSP Aid med Per Gunnar Hamnøy og Elisabeth Marøy.

Friday Jan 17, 2025
Frivilleg i radioen i 40 år
Friday Jan 17, 2025
Friday Jan 17, 2025
I 40 år har Torstein Walderhaug vore med som frivilleg i radioarbeidet til Radio Sunnmøre. I desember 2024 vart den siste laurdagskvelden sendt frå studio på Valderøy. Laurdagskveldsendinga har frivillege i nær 40 år produsert og sendt direkte, med konkurranser og forbønn. I eit intervju med Walderhaug på gebursdagen til Radio Sunnmøre onsdag 8. januar, fekk vi høyre om det Walderhaug har vore med på alle desse åra.
Høyr heile intervjuet med Torstein Walderhaug.

Wednesday Jan 15, 2025
Framfører heile Romerbrevet utenat på Vigra
Wednesday Jan 15, 2025
Wednesday Jan 15, 2025
Når Torbjørn Øygard kjem til Vigra bedehus, kan du få ei unik oppleving av framføring av Romerbrevet. Øygard arbeidar til dagleg i bygningsbransjen og har på hobbybasis lært seg heile brevet utenat. Dette vil han framføre på Vigra bedehus søndag 2. februar. Vi har tatt ein prat med Øygard om kvifor han starta med å lære seg vers, kapittel og bøker i Bibelen utenat til frukosten og på sykkeltur til jobb.
Høyr heile intervjuet med Torbjørn Øygard.

Tuesday Jan 14, 2025
Inspirasjonskveld med årets World Watch List
Tuesday Jan 14, 2025
Tuesday Jan 14, 2025
I starten av januar lanserer Åpne Dører lista over landa med flest forfulgte kristne. Onsdag blir den lansert i Møre & Romsdal på inspirasjonskveld på Vigra bedehus. Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes har med seg ein gjest frå Afghanistan til samlinga på Vigra, og i eit intervju med Bjørke får vi høyre meir om både gjesten og samlinga. Høyr heile intervjuet med Olaug Lillian Bjørke.

