Episodes

Monday Mar 17, 2025
Folkehøgskulestudentar på veg til Sør-Amerika
Monday Mar 17, 2025
Monday Mar 17, 2025
Denne veka er studentar frå Ålesund folkehøgskule på veg til Sør-Amerika. Før dei reiste var Hilde-Karin Steinshamn Mauky i studio for å fortelle om turen. Dei skal ha med seg kjentfolk på turen, som kan språket og kulturen, og opplevingane som venter er mange.
Høyr intervjuet med Hilde-Karin Steinshamn Mauky.

Thursday Mar 13, 2025
Jesus-kvinner om eit annleis val
Thursday Mar 13, 2025
Thursday Mar 13, 2025
Eit annleis val er tema på Jesus-kvinner i Ålesund på mandag. Ingrid Rødset, i leiargruppa for Jesus-kvinner, skal tale denne kvelden. Ho skal tale over det å tør å stå i eigne val når ho går mot straumen, og kva det krevjer av oss i tida vi lever i. Jesus-kvinner er eit tverrkyrkjeleg møtepunkt for damer i alle aldre.

Thursday Mar 13, 2025
Ord til ettertanke veke 11 Intervju med Victor Haram
Thursday Mar 13, 2025
Thursday Mar 13, 2025
Identitet og undring over det som står i Bibelen er i fokus denne veka når Victor Haram held ord til ettertanke. I rundt 20 år var Haram tilsett i Radio Sunnmøre, og no er han lærar ved Ålesund vidaregåande skule. Det å hjelpe ungdom å finne eigen identitet og vere med dei på vegen gjennom vidaregåande er noko han no ser stor verdi i. Den kristne trua gir Haram ei indre tryggheit og ei meining med livet. Høyr heile intervjuet og andaktene med Victor Haram.

Thursday Mar 13, 2025

Thursday Mar 13, 2025

Thursday Mar 13, 2025

Thursday Mar 13, 2025

Thursday Mar 13, 2025

Wednesday Mar 12, 2025
Røde Kors tilbyr leksehjelp
Wednesday Mar 12, 2025
Wednesday Mar 12, 2025
Røde Kors tilbyr leksehjelp på Spjelkavik ungdomsskule. Leksehjelp er eit sjeldant tilbod på ungdomsskulane rundt om i distriktet, men etter forespurnad frå skulen sjølv tok Røde Kors tak i dette. Ingrid Sperre er med som frivilleg i dette arbeidet, og Esther Kalvø er tilsett i Røde Kors. Dei fortel at tilbodet er godt motteke av ungdommen sjølv og at det no er behov for fleire frivillege som kan stille ein gong i veka.
Høyr heile intervjuet med Ingrid Sperre og Esther Kalvø.

Wednesday Mar 12, 2025
Plussreiser med ny katalog
Wednesday Mar 12, 2025
Wednesday Mar 12, 2025
Det er fleire nye og spennande turer på trappene når Plussreiser no lanserer sin nyaste katalog. Dagleg leiar, Aud Kindervåg Halsne, fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om dei ulike satsningane som gjerast for å lage gode reiser med godt innhald for Plussreiser sine reisande. Turane skal vere noko meir enn berre ein tur, og fleire av turmåla har også eit bibelsk innhald. Det er både aktiv turar, ulike jubileum og turar til varmare strøk.
Høyr heile intervjuet med Aud Kindervåg Halsne, dagleg leiar i Plussreiser.

