Episodes

Wednesday Aug 20, 2025
Søndagens tekst 24. august
Wednesday Aug 20, 2025
Wednesday Aug 20, 2025
Søndagens tekst for 24. august handlar om å leve i sanninga for å kunne vere Jesus sin disippel. I ein samtale med prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ser ein på kva søndagens tekst kan handle om. Randi Fagerhol Lauvås les teksta frå Johannes 8, 31-36.

Tuesday Aug 19, 2025
Israel sett frå Noreg
Tuesday Aug 19, 2025
Tuesday Aug 19, 2025
I sommar har Eyvind og kona Siw-Anita vore på ferie i Noreg og før dei reiste tilbake var Eyvind Volle innom studio for å fortelje om Israel sett frå Noreg. Han er til dagleg pastor i Immanuelkirka i TelAviv. Volle fortel at det er fleire ting som blir overfladisk behandla sett frå Noreg, og han synest det ofte blir etablert ein del sanningar som ikkje blir diskutert lenger. Noreg har eit tydelegare anti-Israel perspektiv enn medier i andre land, opplever Volle, når han følger media i Noreg i forhold til kva andre land legg vekt på.
Høyr heile praten med Eyvind Volle.

Tuesday Aug 19, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Aug 19, 2025
Tuesday Aug 19, 2025
Over 200 planter har Marit Stokken Berland planta i sommar, i tillegg til båtpussing og måling. Vi høyrer henne fortelje om ein uvanleg praktisk sommar. Til helga skal ho vere med på Orrenesstemnet der både Johan Halsne og Kjell Furnes skal vere med å delta, saman med Marit og Irene. Hausten er allereie booka med mange møter og møteveke. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Aug 18, 2025
Elevrekord ved Møre Barne - og ungdomsskule Ålesund
Monday Aug 18, 2025
Monday Aug 18, 2025
Det er i år rekordstor elevmasse med over 230 elevar ved Møre Barne -og Ungdomsskule Ålesund. Det er fyrst året skulen fyller alle trinn frå 1. klasse til og med 10. klasse. Øystein Engås er rektor ved skulen og fortel at skulen har mange gode tilsette som skal ta imot den store gjengen av elevar til skulestart.

Friday Aug 15, 2025
Søndagens tekst 17. august
Friday Aug 15, 2025
Friday Aug 15, 2025
Søndagens tekst 17. august lesast frå Markus 11, 25-26. Det handlar om tilgivelse. I samtalen mellom prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund kjem det fram kva det å tilgi betyr og kvifor det er viktig å tilgi. Kva kan vi lære av dagens tekst?

Thursday Aug 14, 2025
Klart for skulestart på Sjøholt folkehøgskule
Thursday Aug 14, 2025
Thursday Aug 14, 2025
Sjøholt folkehøgskule er klar for nytt skuleår med rundt femti elevar. Rektor Lars Johan Klokk har eit ynskje om fleire elevar til skulen i åra som kjem og er innstilt på at det tek nokre år å bygge opp nye tilbod i landet vårt. Den 23. august er det skulestart i haust og Klokk og staben er klare for å ta imot ein ny flott gjeng. Han fortel også at skulen har hatt ein flott sommarsesong med sommarhotell.
Høyr heile intervjuet med rektor Lars Johan Klokk.

Thursday Aug 14, 2025
Intervju med Linda Austnes om ord til ettertanke
Thursday Aug 14, 2025
Thursday Aug 14, 2025
Denne veka held Linda Austnes ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho bur på Godøya og har til dagleg konseptet Inn på tunet. Eit konsept som tek i mot elevar som ikkje nødvendigvis trivast så godt på skulebenken. Elevar i alle aldre er med på dette og Austnes synest det er givande og ei takknemleg oppgåve å få vere ein forskjell gjennom dette arbeidet. Austnes vart sjølv kristen under ein møteaksjon på Godøya då ho var yngre. I ord til ettertanke denne veka delar ho av si tru.

Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke 11. august
Thursday Aug 14, 2025
Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke av Linda Austnes

Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke 12. august
Thursday Aug 14, 2025
Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke av Linda Austnes.

Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke 13. august
Thursday Aug 14, 2025
Thursday Aug 14, 2025
Ord til ettertanke av Linda Austnes.

