Episodes

Friday Aug 22, 2025
Når livet ramlar mellom to stolar
Friday Aug 22, 2025
Friday Aug 22, 2025
For tre år sidan starta Camilla Brusdal firmaet Stå Stødig og hjelper kvinner, som har opplevd vald og som lever med traumer, til auka livskvalitet.
- Fram til eg var 18 år gamal var det vaksne som rusa seg, det var vald, det var seksuelle overgrep, og det var omsorgsvikt, fortel Brusdal. Ho fortel at hennar historie starta då ho var 6 år gamal i Brusdalens grøne dal, då foreldra fortalde at dei skulle skiljast.
Det tek mange år før ein klarer å sette ord på vald i nære relasjonar, og vald kan vere både fysisk og psykisk. Dette fortel Camilla Brusdal i eit intervju på Radio Sunnmøre. No kjem ho med sin eiga historie i boka I lyset der står jeg, og lanseringa skjer under eit arrangement på Parken Kulturhus tysdag 16. september. Arrangementet har fått namnet Når livet ramler mellom to stoler og har som mål å skape openheit om kor vanskeleg livet kan føles når ein har opplevd store belastningar, men også skape håp og inspirasjon om korleis ein sjølv kan bidra til å kome seg vidare. Det blir panelsamtale med både ulike offentlege instansa, og det blir musikalske innslag.
Arrangementet er støtta av næringslivet og er gratis for alle.
Høyr heile intervjuet med Camilla Brusdal på Radio Sunnmøre.

Friday Aug 22, 2025
Mediekommentaren frå Tro & Medier veke 34
Friday Aug 22, 2025
Friday Aug 22, 2025
Denne veka er det Petter Due-Tønnessen som held Mediekommentaren frå Tro & Medier. Tittelen på vekas kommentar er Jeg ser en vekkelse i mediene og den omtalar fleire av dei glimta i media Due-Tønnessen opplever som ein vekkelse i mediene.

Thursday Aug 21, 2025
Frivillig på Stedet
Thursday Aug 21, 2025
Thursday Aug 21, 2025
Sunnmøre er bygd opp på dugnadsånd og i ein serie på Radio Sunnmøre vil vi ta ein prat med fleire av dei som brukar timar og overskot på frivillig arbeid.
På Stedet, drive av Frelsesarmeen, er Anita Lillian Askevold frivillig. Stedet driv eit miljøarbeid der ein har eit godt miljø med ulike aktivitetar. Askevold er pensjonist i dag frå både kontor - og butikkarbeid. Ho er over 80 år og har vore engasjert i Frelsesarmeen sitt frivillige arbeid i mange år.
Høyr heile intervjuet med Anita Lillian Askevold. Intervjua av Johan Behrentz.

Thursday Aug 21, 2025
Ord til ettertanke intervju med Sven Wågen Sæther
Thursday Aug 21, 2025
Thursday Aug 21, 2025
Denne veka er det rektor ved Ålesund folkehøgskule, Sven Wågen Sæther, som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han snakkar i dei ulike andaktene om fem ulike personar frå Bibelen sitt forhold til Gud. Folk er ulike og kan kjenne seg igjen i ulike historier.

Thursday Aug 21, 2025

Thursday Aug 21, 2025

Thursday Aug 21, 2025

Thursday Aug 21, 2025

Thursday Aug 21, 2025

Wednesday Aug 20, 2025
Fått eit hjarte for Kambodsja
Wednesday Aug 20, 2025
Wednesday Aug 20, 2025
Etter ein artikkel i Vårt land fekk Jan Løkkeborg ei interesse for Kambodsja. Løkkeborg og Arvid Ødegaard tok turen til landet og fekk på nært hald høyre historia til landet under Røde Khmer, og hjelpearbeidet og evangeliseringsarbeidet i notid. Denne veka har dei hatt besøk frå Kambodsja av Phaune Mehr som har fortalt om hjelpearbeidet på ulike stadar på Sunnmøre.

