Episodes

Thursday Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 4
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Søvnmangel, algoritmer med skadeleg innhald, sjølvskading og planlegging av slostkampar, er noko av det unge i dag opplever på sosiale medier. I årets rapport frå Medietilsynet, Barn og Medier 2024, kjem det fram nye og høge tal som Medietilsynet tek på høgste alvor.
Rapporten viser at 95% av alle 9-11 åringar i Noreg har mobil, og 60 % av 9-12 år fekk det før dei vart 8 år gamle. Heile 7 av 10 barn mellom 9-12 år er på sosiale medier, og over halvparten av alle 9 åringar.
Den nye rapporten viser at 4 av 10 barn ville følt seg utanfor utan sosiale medier, og heile 70 % av 9-18 åringar er på Snapchat. Det er høge prosentandelar av born som fortel at dei opplev søvnmangel grunna sosiale medier, og at dei har sett innhald om sjølvskading, og valdeleg innhald. Halvparten av jenter mellom 13-18 år har sett innhald om korleis ein kan bli tynnare.
Direktør Mari Velsand i Medietilsynet fortel i ein samtale med Radio Sunnmøre at ein no må gjere ein innsats på å overhalde aldersgrense og ansvarliggjere plattformene. Ein arbeidar også no med å få reell aldersverifisering på plass i dei ulike appane, og at ein meir må handheve nye reglar.
Høyr heile samtalen med Mari Velsand i Medietilsynet på Radio Sunnmøre, i serien Foreldrerolla i ei digital tid.

Thursday Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 3
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Ungdomen fortel om ein drøy digital kvardag kombinert med ein hysj-kultur, og nyttar seg av appar som nok fleire foreldre ikkje har kjennskap til. Det er normalen å motta nakenbilete og ekkelt om det kjem frå vaksne. I vekas episode av serien Foreldrerolla i ei digital tid har vi tatt ein samtale med Leif Christian Tomren, sosiallærar og faglærar, og Hanne Jarnes, helsesjukepleiar. Dei har begge sin daglege arbeidsplass ved Blindheim ungdomsskule med nær 500 elevar.
Kva apper og sosiale plattformer nyttar borna og ungdomen idag? Har foreldre overlatt opplæringa til skulen? Kva rolle har foreldra og kva kan ein gjere for å betre dagens situasjon?

Thursday Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 2
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Kjenner du at ungane sin bruk på sosiale medier og digitale plattformer er uoversikteleg? Kven og kva kjem ungane i dag i kontakt med, og kva rører seg på Sunnmøre i dag. I ein samtale med Sonja Sætre, ruskonsulent i Familiestøtte i Ålesund kommune, tek vi ein prat om dei erfaringane ho har gjort seg gjennom jobben her på Sunnmøre. Sætre gir ei klar oppfordring til foreldre/føresette om å tenke over korleis vi sjølv framstår på sosiale medier i møte med rusbruk, og at vi må tør å ta samtalen med borna våre.

Thursday Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 1
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Den digitale kvardagen er eit sosialt faktum, men har også for mange i rolla som foreldre/føresette blitt uoversikteleg og utfordrande. I ein ny serie på Radio Sunnmøre tek vi samtalen med ulike fagpersonar på Sunnmøre i kontakt med dagens ungdom og foreldre/føresette.
Anne Line Dahl Jerstad er trenar i familieveiledning og familieterapeut ved Familievernkontoret Sunnmøre. I første episode tek vi ein prat med henne om kva forventningar born og foreldre har i dag, og kva rolle sosiale medier har fått i dagens oppvekst og oppdragelse. I ein samtale med Dahl Jerstad og journalist Ragnhild Kristine Vartdal Espelund snakkar vi om tips og råd, utfordringar i den reelle digitale kvardagen, og om korleis foreldre saman kan hjelpe kvarandre.

Thursday Sep 25, 2025
Ny NLM-Ung leiar i Region Nordvest
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
I haust starta Ole Petter Stenberg(36) som Ung-leiar for Misjonssambandet Region Nordvest. Han er frå Averøya, men bur på Stranda med kone og to barn. Etter vidaregåande skule på Vestborg, bibelskule, og arbeid i barnehage i Sykkylven som førskulelærar er han no klar for ny jobb. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han har eit brennande engasjement for at born og unge skal få høyre om Jesus.

Thursday Sep 25, 2025
Frivillig pianist på Blindheim bedehus
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Sidan ho var 2. klassing har Kari Anne Steffensen spelt piano. Ho kjem frå ein musikalsk familie på Bømlo. No bur ho på Sunnmøre og har sin menighet i Blindheim bedehus. Der bidreg ho ofte med pianospeling og i serien frivillig tek vi ein prat med Kari Anne Steffensen om hennar frivilleg engasjement på bedehuset.

Thursday Sep 25, 2025
Vestborg-lærar deltek i VM i fjell-løp
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Fredag 26.september deltek Jonas Hesthaug, frå Eisdal, i VM i fjell-løp i Pyreneane i Spania. Løpet er på 45 kilometer og inneheld ein høgdeskilnad på 3700 meter. Han har tidlegare i år vunne Stranda Fjord Trail Race og Ørsta Fjellmaraton, og kom på andre plass i Molde 7 Peaks. Han er til dagleg idrettslærar ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda, og fortel at han har gode treningsforhold med dei høge fjella i område. Når løpet går av stabelen fredag kan ein fylgje det på eigen Youtube-stream: https://www.youtube.com/live/vUSOJl1z5ZI?si=CWRfn7iTciuayw7F
Høyr heile intervjuet med Jonas Hesthaug dagen før dagen.

Thursday Sep 25, 2025
Ord til ettertanke Intervju med Johan Per Sunde
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Denne veka er det Johan Per Sunde som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han er pensjonist frå ei 49 år lang arbeidstid på butikken Johan R. Sunde, og har mykje å styre med. I andaktene denne veka held han andakter over spørsmålet; kvifor. Kvifor har Gud skapt verda og kvifor har Gud skapt menneska, er nokre av spørsmåla Johan Per Sunde finn svar på i Bibelen. Høyr alle vekas ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.

Thursday Sep 25, 2025
Ord til ettertanke 22. september
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Ord til ettertanke av Johan Per Sunde

Thursday Sep 25, 2025
Ord til ettertanke 23. september
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Ord til ettertanke av Johan Per Sunde

