
216.3K
Downloads
4899
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Aug 13, 2021

Aug 12, 2021
Aug 12, 2021
4 min
Det er klart for skulestart på Sjøholt Folkehøgskule. Personalet er på plass og blir kjende med både skulen og kvarandre, og om eit par veker kjem historias fyrste elevar til den nye folkehøgskulen på Sjøholt for 16 åringar. Vi har tatt ein prat med rektor Lars Johan Klokk om korleis både nervar og status er i desse dagar.

Aug 12, 2021

Aug 12, 2021
Aug 12, 2021
3 min
Gro Hofseide har spelt inn sin fyrste musikkvideo, etter at Johan Behrentz tok kontakt for å hjelpe henne med det. Musikkevideoen er spelt inn på Kverveaksla på Ellingsøya på ein av dei vakre sommardagane Sunnmøre har vore så heldig å ha i år. Songen Åpne ditt hjerte for Jesus er det som er spelt inn, og Gro håpar at folk vil sjå at Jesus er der for alle som ynskjer å ta han i mot.
Musikkvideoen finn du på Radio Sunnmøre sin facebookside.

Aug 11, 2021

Aug 11, 2021
Aug 11, 2021
7 min
Uregulert mobil og speling kan gå på bekostning av nattesøvnen. Barnevakten ved fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen gir nokre gode råd for gode rutiner slik at borna får ei betre søvnrytme.

Aug 10, 2021
Aug 10, 2021
7 min
Konsert med Solveig Leithaug frå ein fiskebåt i Brosundet i Ålesund, bibelcamping og reker i solnedgong er noko av det Marit Stokken Berland fortel meir om i haustens fyrste kvardagsprat på Radio Sunnmøre.
Stokken Berland fortel om ei takksemd over å få møtast for å dele evangeliet om Jesus, og gler seg stort til å starte på ein ny møtehaust.

Aug 9, 2021

Aug 7, 2021

Aug 7, 2021
