Episodes

Tuesday Sep 30, 2025
Etter Womans retreat på Lepsøya
Tuesday Sep 30, 2025
Tuesday Sep 30, 2025
I helga var det Womans retreat på Lepsøya prestegård, og Alice Krogsæter Aragon var deltakar for fyrste gong. Ho var spent på om det vart ei avslappande helg etter ei lang og slitsom arbeidsveke, men i intervjuet på Radio Sunnmøre fortel ho at helga vart til forventningane temaet for helga var. Ei helg med nydeleg ver, dekka bord og nydelege folk og samtalar. Høyr heile intervjuet med Alice Krogsæter Aragon om retreathelga på Lepsøya, som er eit årleg arrangement.

Tuesday Sep 30, 2025
Kom på 38. plass i VM
Tuesday Sep 30, 2025
Tuesday Sep 30, 2025
Fredag 26. september deltok Jonas Hesthaug (27), frå Eidsdal, i VM i fjelløp i Spania. Han endte på ein 38. plass av 198 deltakarar og er nøgd med plassen. Det norske laget tok ein samla 9. plass. Løpet gjekk over 43 km og over 3700 høgdemeter, og Hesthaug brukte 5.29.45 timar på heile løpet. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han framleis kjenner det i beina og at han moglegeins må gjere litt om på gymtimane han no hadde planlagt for idrettsklassa på Vestborg vidaregåande den fyrste tida.
Høyr heile intervjuet med Jonas Hesthaug på Radio Sunnmøre.

Tuesday Sep 30, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Sep 30, 2025
Tuesday Sep 30, 2025
Ei møteveke med fokus på misjon i Finnmark vart halde på Godøy bedehus forrige veke. Irene Krokeide Alnes fortel i kvardagspraten om ei inspirerande veke. I midten av oktober er det Ellingsøy bedehus som står for tur for ei lengre møteveke med Marit & Irene frå 14. oktober til 19. oktober. Krokeide Alnes håpar lyttarane kan huske på den veka. I eit ord til lyttarane i dag minner Irene Krokeide Alnes om å skunde seg frå Matteus 28.

Monday Sep 29, 2025
Regional misjon -og leiarkonferanse
Monday Sep 29, 2025
Monday Sep 29, 2025
Helga 7. -9. november arrangerast det ei regional misjon - og leiarkonferanse på Ålesund folkehøgskule. Det er Imf Sunnmøre og Imf Nordmøre og Romsdal krins som arrangerer helga. Tema som Israel, trusforsvar og misjon står på agendaen, og konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås, håpar på høg påmelding.

Monday Sep 29, 2025
Lån eller behald ei bok i Herøy kyrkje
Monday Sep 29, 2025
Monday Sep 29, 2025
I Herøy kyrkje kan ein no låne eller behalde ei bok av kristen litteratur. I gangen står det ei hylle med ulike bøker ein kan ta med seg heim anten for lån eller for å behalde. Sokneprest i Herøy kyrkje, Solfrid Leinebø Seljås, fortel at det er dei som har nokre bøker til overs som leverer desse til kyrkja, og på den måten kan andre få ta del i den kristne litteraturen. Høyr heile intervjuet med Solfrid Leinebø Seljås, sokneprest i Herøy kyrkje.

Sunday Sep 28, 2025
MAND - mannekveld i Misjonssalen
Sunday Sep 28, 2025
Sunday Sep 28, 2025
Mandag 29. september er det fyrste samling med MAND i Misjonssalen, ein kveld for kun menn. Ulike tema blir tatt opp ein kveld i månaden, og denne mandagen er det angst som er agendaen. Knut Asbjørn Ulstein er ein av dei som arrangerer kveldane og fortel om godt oppmøte på tidlegare arrangement. Det har vore menn frå 18 år og oppover til 80 år som har møtt. Ein kveld inneheld ofte eit foredrag, kveldsmat og avsluttast med samtale rundt borda. Høyr heile intervjuet med Knut Asbjørn Ulstein.

Friday Sep 26, 2025
Gapahukens dag
Friday Sep 26, 2025
Friday Sep 26, 2025
Laurdag 27. september er det gapahukens dag i regi av Sunnmøre friluftsråd. Det blir arrangert arrangement på fleire av gapahukene rundt om på Sunnmøre, og Aurora Majala i Sunnmøre Friluftsråd oppfordrar folk til å komme seg ut.

Friday Sep 26, 2025
Adam Cliff med nytt album
Friday Sep 26, 2025
Friday Sep 26, 2025
Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, er under arbeid med nytt album. Det kjem ut i løpet av første halvår 2026.
Hør intervjuet om kva som har inspirert han til det nye albumet. Her får du høre om både røtter tilbake til utvandringa til Amerika, og om kven som har inspirert han til å lage ny musikk.

Friday Sep 26, 2025
Morgonbøn på Blindheim bedehus
Friday Sep 26, 2025
Friday Sep 26, 2025
Kvar måndag frå kl.0645-0830 er det morgonbøn på Blindheim bedehus. For enkelte kan dette vere svært tidleg på morgonen å starte dagen, men for andre er dette den perfekte start. Helge Blindheim er med som arrangør og fortel om kva det er som skjer under morgonbøn på Blindheim bedehus.

Thursday Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 5
Thursday Sep 25, 2025
Thursday Sep 25, 2025
Kva samfunnsansvar har politiet når det gjeld den kommunikasjonen barn og unge i dag har via sosiale medier? Kva grep blir gjort for å hindre formidling av rus og mobbing? I ein samtale med Daniel Ludviksen, avsnittsleiar for etteretning og forebygging i Ålesund politi, tek vi ein prat om den digitale kvardagen barn og unge har i dag på Sunnmøre. Ludviksen oppfordrar foreldre til å bry seg om barnet sitt, lær om dei ulike appane og vis interesse for kva barn og unge i dag held på med.
Høyr heile samtalen med Daniel Ludviksen, avsnittsleiar for etteretning og forebygging i Ålesund politi.

