
216.3K
Downloads
4897
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Aug 26, 2021

Aug 25, 2021
Aug 25, 2021
5 min
Det finnast ei betre historie om seksualitet og nærleik, fortel Alexis Lundh - leiar for Heltfri.net i vekas mediekommentar frå Tro & Medier.

Aug 25, 2021
Aug 25, 2021
11 min
Rusproblematikken i ungdomsmiljøa i Ålesund er aukande, og det bekymrer Malin Strand som er dagleg leiar i Blå Kors Ung Ålesund.
Strand har sjølv vakse opp i ein heim med rus. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho frå si eiga sterke historie då ho som niåring gjekk rundt på kveldstid frå pub til pub i Ålesund for å leite etter si eiga mor, medan ho trilla ei barnevogn med veslesystera på to år.
-Det er ikkje slik at alarmklokkene burde ringe, men det burde stått konstant på raudt, seier Malin Strand om at ingen reagerte på hennar situasjon som barn.
Strand meiner at vi no må vakne opp og få til eit samarbeid mellom heim, skule, politi, helse, barnevern og kommune i den aukande rusproblematikken ein ser i Ålesund i dag.

Aug 24, 2021
Aug 24, 2021
7 min
I haust inviterer Holmely Omsorg -og retreat senter til ulike retreatsamlingar.
-Eg trur at mange synest det er vanskeleg å setje på pauseknappen, fordi vi blir pøsa på med inntrykk heile tida. Sjølv om vi har tid til å setje oss i stillheit, så er det ikkje lett å falle til ro, seier Eva Langseth som er dagleg leiar ved senteret. Høyr meir i intervjuet på Radio Sunnmøre om dei ulike samlingane som skal vere.

Aug 24, 2021
Aug 24, 2021
8 min
Denne veka er Marit Stokken Berland på 60+ leir på Brusdalsheimen, og kan fortelje om flotte samlingar og ein festkveld som står på programmet dei påfylgjande dagane. Høyr meir i kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Aug 23, 2021
Aug 23, 2021
13 min
- Eg vart så rysta i vår då vi fyrst opplevde at Arbeidarpartiet vedtek fri abort fram til veke 18, og deretter kjem SV og vedtek fri abort fram til veke 22, fortel Jorunn Gleditsch Lossius i eit intervju på Radio Sunnmøre. I eit innlegg på facebook 25. april viser Lossius eit bilde av seg sjølv som gravid i veke 22, og fortel om livet ho både kjenner då i magen og livet ho då har fått ei tilknytting til.
- Vi skulle ynskje at dette ikkje var ei valkampsak, men når vi er eit menneskeverdparti kan vi ikkje sitte stille i båten og sjå på, seier Lossius.
KrF går til val på sosiale og kristne verdiar, og vi har tatt ein prat med stortingsrepresentant Jorunn Gleditsch Lossius og 1. kandidat for Møre & Romsdal KrF, Harry Valderhaug, på Radio Sunnmøre.

Aug 21, 2021

Aug 21, 2021

Aug 21, 2021

Aug 21, 2021
