
216.3K
Downloads
4897
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Sep 8, 2021
Sep 8, 2021
5 min
Born og unge opprettar anonyme kontoar med mål om å mobbe og trakassere andre. Det blir delt manipulerte bilete og nakenbileter. I vekas prat med Barnevakten, tek vi ein prat med rådgivar Kris Munthe om kva dette er og korleis ein kan vere føre var.

Sep 8, 2021
Sep 8, 2021
12 min
I helga hadde Normisjon ei helg på Bjorliheimen, og tilstades var misjonærane Kari og Andres Jøssang. I ein prat med dei får vi høyre meir om arbeidet i Senegal, som ekteparet har eit stort hjarte for i krevjande omgjevnader. Johan Behrentz har tatt ein prat med ekteparet Jøssang og regionleiar i Normisjon Torgeir Frøsøye.

Sep 7, 2021
Sep 7, 2021
4 min
Fire meningheter har gått saman og arrangerer teltmøter på Ellingsøya 14.-19. september. Vi har tatt ein prat med Willfred Aaberg i Aalesund Misjonskirke om møta, der Jørn Strand skal vere talar. I tillegg blir det med ulike songkrefter kvar kveld.

Sep 7, 2021
Sep 7, 2021
6 min
No er det mykje møteaktivitet som tek seg opp, også for Marit & Irene, og Marit Stokken Berland fortel i vekas prat om ei møteveke i Farsund dei no skal til på. Vi tek og ein prat om det å ta steget over dørstokken etter ei lengre pause utan møteaktivitet, og misjonsengasjementet som har fått vakse hos fleire no med stillstand i koronaåret.

Sep 3, 2021

Sep 2, 2021
Sep 2, 2021
2 min
Søndag kveld blir det songmøte med gjestar i frå Færøyane. Det er Eyunn Jacobsen og Svein i Prestegardi som skal synge og dele frå sine liv. Krinsleiar i IMF Sunnmøre er arrangør og skal delta med apell og anna. Songkvelden blir på Blindheim bedehus, og i eit intervju med Halsne får du høyre meir om kvelden.

Sep 1, 2021
Sep 1, 2021
9 min
I Parken kulturhus blir det storkonsert 10.oktober med Adam Cliff, Christian Ingebrigtsen og Aalesund Gospelkor. Ole Andreas Høyberg med artistnamnet Adam Cliff arrangerer konserten saman med Ingebrigtsen, der Aalesund gospelkor blir med både aleine og saman med dei to artistane. Høyberg skal også denne helga sleppe sitt fyrste album, og Ingebrigtsen skal spele frå sitt nysleppte album.
Høyr intervjuet med Ole Andreas Høyberg og Christian Ingebrigtsen.

Sep 1, 2021
Sep 1, 2021
4 min
IMF Sunnmøre har denne hausten tilsett ein ny ungdomsarbeider. Marie Gudmestad (22) er namnet på rogalendingen som no har kome til Sunnmøre. Ho skal i sitt arbeid besøke ungdomslag og vere med på leir, og Gudmestad ser fram til både å bu på Sunnmøre og bli kjend med nye folk. Vi har tatt ein prat med Marie på Radio Sunnmøre.

Aug 31, 2021
Aug 31, 2021
9 min
Laurdag vert det temakveld i St.Olav kyrkje i Ålesund om Mennesket og Bioteknologilova. Det er Eivor Andersen Oftestad, kyrkjehistorikar, forskar og forfattar, og som arbeidar ved Høgskulen i Innlandet, som skal halde foredraget.
Vi har tatt ein prat med Ottar Myrseth som arrangerer temalaurdagen om kvifor dette temaet no er aktuelt, og kva utfordringar som er ved framtidas bioteknologi med tanke på verdien av eit menneske.

Aug 31, 2021
Aug 31, 2021
6 min
-Det er Herren som arbeider, fortel Irene Krokeide Alnes etter nok ei møteveke i Vardø. Ho fortel om den nøda ho sjølv har for både Vardø og Finnmark, og for alle som er engasjerte rundt dette arbeidet. I tillegg får vi høyre om dagane ho no skal får vere med på utanfor Bergen på Straume Forum.
