
216.2K
Downloads
4897
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Sep 17, 2021

Sep 16, 2021
Sep 16, 2021
9 min
Under årsmøtet i Sunnmøre ImF la eigarstyret til Sjøholt Folkehøgskule fram eit konkret forslag til vedtak om å selje ein eller to leirstadar for å kunne bruke overskotet til å hjelpe folkehøgskulen med dei store overskridingane som no har kome på den opprinnelege kostnadsramma. Den starta på 65 millionar og er no kome på 103 millionar kroner.
-Det har vore nokre uheldige overskridelsar no i siste fase, som er for alvorlege og dramatiske, fortel generalsekretær i ImF og styremedlem for eigarstyret i Sjøholt folkehøgskule, Erik Furnes.
Høyr heile intervjuet med generalsekretær Erik Furnes.

Sep 15, 2021

Sep 15, 2021
Sep 15, 2021
3 min
Rett under tredve elevar har i haust starta på den heilt nye folkehøgskulen på Sjøholt. Sjøholt Folkehøgskule er einaste folkehøgskule i landet som er for elevar som treng ei pause før dei startar på vidaregåande skule, og vi tok ein tur for å ta ein prat med nokre av elevane som har benytta seg av denne moglegheita.
Isak Solheim Engelsen (16) frå nabofylket var ikkje klar for vidaregåande skule og trengte ei pause. No har han starta på Gaming, E-sport og aktivitet ved Sjøholt Folkehøgskule. Ulrik Hovland (17) frå Sørlandet prøvde seg nokre månader på vidaregåande skule og fann ut at det ikkje noko for han enno, så no går han på Multisport ved fokehøgskulen og trivast godt. Høyr intervjuet med desse to elevane på Radio Sunnmøre.

Sep 14, 2021
Sep 14, 2021
8 min
Ein serie som handlar om Jesu liv har blitt sett av fleire millioner menneske. Serien finn ein ved å laste ned appen The Chosen, og på appen har serien snart hatt 300 000 000 visningar. Vi har tatt ein prat med Alexis Lundh om denne serien, kva som gjer den så populær og om kva den handlar om. Serien er teksta til fleire språk i tillegg til norsk.

Sep 14, 2021
Sep 14, 2021
8 min
I kvardagspraten tek vi ein liten prat om valnatta som har vore, og bekymringane for kven som no skal kjempe for dei kristne verdiane. Vi får også høyre om fleire unge menneske som kjem på møta Irene & Marit no har hatt i Farsund og som skal halde fram på Lista. Under og miraklenes tid er ikkje forbi meiner Irene Krokeide Alnes.

Sep 13, 2021

Sep 13, 2021
Sep 13, 2021
5 min
I eit seminar under ei næringslivskonferanse i Ålesund før helga, som vart markert i anledning 250 årsfeiring av Hans Nielsen Hauge, fortalde professor Ola Grytten om verdiane etter Hauge som har drive fram suksessen i næringslivet på Nordvestlandet.
Sunnmøringane har fått minst hjelp av staten, og dermed klart seg best sjølv i gjennom tidene. Nokre av grunnane for dette er, i fylgje Grytten, at ein har drive eit Haugeinspirert næringsliv. Svært mange bedrifter på Sunnmøre tek ansvar for seg sjølv, familien, lokalmiljøet og arbeidarane, og i tillegg har ein teke forvalteransvaret på alvor.
Høyr intervjuet med professor Ola Grytten under Næringslivskonferansen Ålesund 2021.

Sep 11, 2021

Sep 11, 2021
