216.2K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Oct 6, 2021
Oct 6, 2021
6 min
Instagram utsetter å kome med ein eigen barneversjon av appen. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten om ideen, utfordringane og om kvifor det ikkje kjem ein barneversjon av Instagram med det fyrste.

Oct 5, 2021
Oct 5, 2021
7 min
I ei ny bok skriv Kjell J. Tveter og Kjell Skartveit om det kristne verdsbiletet. Kva innheld dette verdsbiletet, kva gjer at det skiller seg ut og korleis kan kristne lære seg å forsvare si eiga tru i eit samfunn som har auka press på å fornekte sentrale sider ved Bibelens bodskap. Vi har tatt ein prat med Kjell Tveter om kva som er vanskeleg med å kunne stå for det kristne livssynet i dag, og korleis ein kan bli betre på å forsvare si eiga tru. Høyr intervjuet med Dr. med. Kjell J. Tveter på Radio Sunnmøre.

Møtevekene er i full gong denne hausten, og denne veka skal Marit og Irene halde møter på Fitjar bedehus. I kvardagspraten med Marit Stokken Berland får vi høyre frå møta som har vore, og Berland fortel om kor viktig bøn er i dette arbeidet og at bøn er noko alle kan vere med på.
Ei veke på Fitjar bedehus med mykje på programmet får vi høyre meir om i kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Oct 4, 2021
Oct 4, 2021
6 min
Trusopplæring har blitt heimen sitt ansvar, meiner David Haddeland, dagleg leiar i Ny Generasjon. Saman med Pinse Ung har Ny Generasjon gått saman i eit tettare samarbeid der dei ynskjer å arbeide om skulemisjon. Tidlegare hadde Ny Generasjon skulelagsarbeid også på Sunnmøre, men dei har ingen lag i området per dags dato. Ny Generasjon har fleire skulelag i Sør-Noreg og på Vestlandet, og meinar at det har skjedd ei endring innanfor trusopplæring. Tidlegare hadde ein kristendomsundervisning på skulen, men no er dette heimen og kyrkja sitt ansvar. Høyr intervjuet med David Haddeland.

Oct 2, 2021

Oct 2, 2021

Oct 2, 2021

Oct 2, 2021

Oct 2, 2021