
216.2K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Oct 15, 2021

Oct 14, 2021
Oct 14, 2021
7 min
Møre Ungdomsskule Giske er under etablering, og vert den fjerde Møre-skulen på Sunnmøre. Prosessen med søknad om godkjenning til drift er under arbeid, og ein planlegg oppstart for 8. og 9.trinn hausten 2022.
Engasjementet rundt ein ny Møre-skule i Giske er stort, og torsdag 21.oktober vert det halde eit informasjonsmøte for alle nysgjerrige og interesserte på Ytterland. Skulen frir til elevar frå både Godøya, Giske, Vigra, Valderøya, Ellingsøya og omegn.
Ingrid Kvam Steinshamn er prosjektansvarleg for skulen, og ho har tidlegare vore med å etablere blant anna Møre barne -og ungdomsskule Skodje i Brusdalen. Høyr intervjuet med Steinshamn på Radio Sunnmøre.

Oct 14, 2021

Oct 14, 2021
Oct 14, 2021
12 min
I ei ny samfunnsfagbok, Arena, utgitt av Aschehoug Undervisning i 2020, skal 10 og 11 åringar i 5. klasse lære om å kjenne på følelsar rundt eigen seksuelle identitet. Spørsmål som; -Veit du heilt sikkert kva som er din seksuelle identitet, eller lurer du litt, skal born no i 5.klasse svare på.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med lektor ved Wang Toppidrettsgymnas i Stavanger, og forfattar av boka "Normløst-Hvordan radikal kjønnsteori erobret Norge", Kjell Skartveit. Han har også vore med å skrive Det kristne verdensbildet saman med Kjell J. Tveter.
I fleire år har Skartveit engasjert seg i tematikken, og halde foredrag om korleis kjønn og seksualitet blir formidla i barne- og ungdomsskular i Noreg. Han er ikkje overraska over at dette no kjem i skulebøker for born, og synest reaksjonane mot dette no kjem for seint.
Dei siste åra har ein skulen fått forbud mot å forkynne i undervisninga, då særskilt i KRLE-faget.
-Det som skjer no er forkynning av postmodernisme, ei politisk tenkning av verkelegheita, at det ikkje finnes ei sanning. Det er ei ateistisk verkelegheitsoppfatning. Elevane blir undervist i ei anna tru, seier Skartveit.
Høyr heile intervjuet med Kjell Skartveit på Radio Sunnmøre.

Oct 14, 2021

Oct 13, 2021
Oct 13, 2021
7 min
Årets TV-aksjon på NRK går til Plan International Norge sitt arbeid med å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Konsekvensane av barneekteskap er store både for jentene som blir gifta bort, men også for deira born og samfunnet dei lever i.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Ulla Hay, fylkesaksjonsleiar i Møre & Romsdal, om årets aksjon. Vi får høyre meir om årets fokus for aksjonen, og om korleis den skal gjennomførast søndag 24.oktober.

Oct 12, 2021
Oct 12, 2021
5 min
Korleis kan ein hjelpe tenåringen som isolerer seg med speling? Ei ny teneste, med namnet Gamingkontakten, kan vere til hjelp. Vi høyrer meir om dette i ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Oct 12, 2021
Oct 12, 2021
8 min
I vekas kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi høyre frå møteveka på Fitjar, der ein både var med på kveldsmøter, besøk på aldersheimen og grauttreff. Og vi får også høyre om møtene som Marit & Irene skal halde på Gjerdrum om ei veke. Høyr vekas kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes.

Oct 11, 2021
Oct 11, 2021
3 min
På Innvik Fjordhotell blir det helga 22.-24. oktober temahelg om Guds verd. Det er Ottar Åbrekk som er ein av arrangørane for helga, og fortel i eit intevju at vitenskapen skal møte Bibelen denne helga. Dei tre seminarhaldarane Bjarte Karlsen, Frank Karlsen og Bernt Arild Gjøvåg blir med heile helga, og i tillegg til godt program vert det god mat og losji.
Høyr intervjuet med Ottar Åbrekk på Radio Sunnmøre.

Oct 9, 2021
