
216.2K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Oct 23, 2021

Oct 23, 2021

Oct 23, 2021

Oct 22, 2021
Oct 22, 2021
10 min
I vekas program frå NSP Aid får du høyre om ein som sjølv budde i slummen og har fått hjelp til å kome vekk derifrå, og som no arbeidar i Heart to heart for å hjelpe andre. Høyr Elisabet Emblem fortelje meir i vekas program frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia.

Oct 20, 2021

Oct 19, 2021
Oct 19, 2021
6 min
Israel og Oberammergau er dei to store reisemåla Plussreiser arbeider mest med for tida, og som dei merker at folk verkeleg har lyst til å få med seg. Tilbakemeldingane til det kristne reiseselskapet tyder på at folk no er klare for å reise igjen, og det ser dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne lyst på.

Oct 19, 2021
Oct 19, 2021
7 min
Helga 18. - 21. november vert det Håpskonsertar på Sunnmøre med Maria Engås Halsne og Norea Music, i regi av Norea Mediemisjon. Dei inviterer til ein stemningsfull og annleis førjulskonsert med alt frå julesongar, salmar og lovsongar.
Maria Engås Halsne vann The Voice på TV2 i 2019, er i dag legestudent og mamma. Gjennom musikken ynskjer Maria å bidra til å setje ord på følelsar, spreie glede eller gje trøyst. Hennar kristne tru pregar både henne som artist og musikken ho lagar. Ho har eit ynskje om at folk skal kjenne seg igjen i det ho skriv og at musikken ho lagar skal røre ved dei som høyrer.
I tillegg til Maria, får du høyre Elisabeth Lillebø Sæth, som er både låtskrivar, songar og pianist. Tone Østby blir med på cello, og Brit Kari Urdal leier konserten. Ein vil også i løpet av kvelden få høyre om mediearbeidet som Norea Mediemisjon driv i land som er stengt for tradisjonell misjonering.
Høyr intervjuet med sunnmøringen Elisabeth Lillebø Sæth på Radio Sunnmøre.

Oct 19, 2021
Oct 19, 2021
7 min
Oppmuntrande start på møtehausten, ei veke som ikkje går som planlagt, og ein idè å hive ut godstolen? Vi tek ein prat med Marit Stokken Berland om både det eine og det andre denne veka.

Oct 19, 2021

Oct 18, 2021
Oct 18, 2021
6 min
I veke 42, 18.-24. oktober, inviterer Barnevakten alle vaksne i Noreg til å spele saman med borna. Fleire arrangement blir lansert, og ein kan velje fritt frå ei veke med spanande innhald som byggjekonkurranser i Minecraft, webinarer, undervisningsmateriell til skular og meir.
Denne veka er det ynskjeleg at vaksne skal få ei større forståing for kva born i dag held på med i ulike spelplattformer, noko som kan gje ei større forståing mellom vaksne og born, eit betre samspel og kanskje til og med mindre krangling i heimen.
Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe.
