
216.2K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Nov 1, 2021

Nov 1, 2021
Nov 1, 2021
13 min
Då Mirjam Ulstein (31) for ti år sidan mista far sin, starta ei personleg reise i livet hennar som for nokre veker sidan enda med at ho vart døypt på Emblem bedehus. Etter å ha funne nedskrivne bibelvers og plater med kristne songar som faren hadde, huska også Ulstein at mormora alltid sat i ein stol og ba og las i Bibelen. Dette gjorde henne nysgjerrig, og med eit bibelvers tilsendt frå mormor hamna Ulstein på ein bibelskule.
For nokre veker sidan vart Mirjam Ulstein døypt på Emblem bedehus, på same dag då hennar eigen nyfødde baby vart døypt. Det var for ti år sidan at Mirjam sjølv valde å ta i mot Jesus, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho at mykje av grunnen til at ho tok dette valet var hennar eiga mormor.
Høyr heile intervjuet med Mirjam Ulstein på Radio Sunnmøre.

Oct 30, 2021

Oct 30, 2021

Oct 30, 2021

Oct 30, 2021

Oct 30, 2021

Oct 30, 2021

Oct 29, 2021
Oct 29, 2021
5 min
I fleire veker har Randi Hamre baka og sydd til inntekt for Radio Sunnmøre, og fleire tusen har kome inn. Hamre fortel i eit intervju at radioen betyr enormt mykje for henne, og har gjort det i lengre tid sidan ho fekk diagnosen ME.
Høyr heile intervjuet med Randi Hamre på Radio Sunnmøre.

Oct 29, 2021
Oct 29, 2021
4 min
Torsdag var det offisiell opning av Stedet i Ålesund, som er Frelsesarmeen sitt nye ettervern-tilbod. Kunstkime, Ålesund gatefotball, Turgruppa og Sysselverket er nokre av aktivitetane Stedet inneheld, og det skal vere ein stad for alle. Stedet var smekkfullt då det var offisell opning på torsdag, og vi var tilstades og tok ein prat med Kristine Hurlen og Erika Lynn Solli.
