
216.1K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Nov 10, 2021
Nov 10, 2021
15 min
Nyleg kom Gunnar Hamnøy heimatt etter å ha besøkt Kenya etter 20 månader sidan sist grunna korona. I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre Gunnar fortelje korleis det er å kome til eit land fylt av naud, og kor vanskeleg det er å ikkje kunne hjelpe alle. NSP Aid, som Gunnar Hamnøy er dagleg leiar for, driv bistandsarbeid i Kenya og Etiopia, og har bygd opp eit arbeid som kan hjelpe born og familier i slummen med å få eit godt liv.
På veg heim frå Kenya inviterte Gunnar alle som arbeidde på restauranten til å ete saman med seg, då han sjølv skulle kjøpe seg litt nattmat. Høyr den sterke historia på Radio Sunnmøre.

Nov 9, 2021

Nov 9, 2021
Nov 9, 2021
6 min
I helga fekk Irene Krokeide Alnes hedersmedalje for lang og tru teneste i Indremisjonsforbundet, for heile 48 år i organisasjonen. Både Irene, Marit Stokken Berland og Roald Evensen fekk tildelt hedersmedalje.
-Medaljen vil eg i all offentlegheit dele med min mann Leifen, med son min Jan-Oskar, med alle forbederane som har brukt timesvis i bøn og med leiarane mine som såg kallet og som har pushet oss rette vegen, seier Irene. -Og ikkje minst vil eg takke Jesus for at han har vore trufast. Når eg ser tilbake på 48 år så har det ikkje vore ein flopp, det har vore ei verkelegheit. Jesus er verkeleg og kallet har vore verkeleg.
I dei 48 åra Irene har arbeidd som songevangelist, så har det ikkje alltid vore like enkelt.
-Skal kallet haldast levande må det bety smerte. Tårer og takk går ofte hand i hand for dei som har eit slikt kall. Trur ein at ein får eit lett liv så tek ein feil, men ein får eit rikt liv, fortel Irene Krokeide Alnes i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Nov 8, 2021
Nov 8, 2021
5 min
For trettande gong arrangerast det Julenatt i Pinsekirka på Moa. Nær hundre personar frå 0 til 100 år er med å arrangere julespelet, og i år skal det bli like storslagent som før korona. Dans, musikk med liveband, koristar og solistar, samt skodespelarar i alle aldre skal bidra til å dele jula sin viktigaste bodskap gjennom fire førestillingar 11. og 12. desember. Vi har tatt ein prat med Miriam Boge om Julenatt.

Nov 8, 2021
Nov 8, 2021
6 min
Korleis kan ein beskytte borna mot digital mobbing? Torsdag 11. november er det nytt webinar med Barnevakten saman med mobbeombud Mari-Kristine Moberg. Trygge vaksne kan både førebygge nettmobbing og hjelpe borna med å handtere vanskelege situasjonar på nett. Høyr vekas episode frå Barnevakten og praten med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Nov 6, 2021

Nov 6, 2021

Nov 6, 2021

Nov 6, 2021

Nov 6, 2021
