Episodes

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke 10. oktober
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke av Marie Helene Høyberg

Thursday Oct 09, 2025
PIT STOP på Emblem bedehus
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Helga 17. -19. oktober blir det Pit Stop på Emblem bedehus. Årets tema er Logos og helgas taler er Anette Fredly. Leiar for Imf Ung Sunnmøre, Miriam Mulelid, inviterer alle ungdom på Sunnmøre til denne helga. Høyr intervjuet med Miriam Mulelid. Helga er eit samarbeid mellom Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest.

Thursday Oct 09, 2025
Møtehelg på Skodje med Grete Yksnøy Martinsen
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
I helga er det møtehelg med Grete Yksnøy Martinsen på Skodje bedehus. Ho er ein av dei utflytta sunnmøringane Radio Sunnmøre tek ein prat med i haust. Ho har vakse opp på Sjøholt, men bur no i Oslo. Yksnøy Martinsen arbeidar i Misjonssambandet og skal tilhelga ha møtehelg på Sunnmøre. Høyr heile praten med Grete Yksnøy Martinsen på Radio Sunnmøre.

Wednesday Oct 08, 2025
Haustens bibelkurs med ImF Sunnmøre
Wednesday Oct 08, 2025
Wednesday Oct 08, 2025
Det er også denne hausten bibelkurs i regi av ImF Sunnmøre på Blindheim og Herøy Barne - og ungdomsskule. Bibelkursa har gått fast haust og vår dei siste fire åra, og Halås fortel at det er mange som kjem på desse kursa med to bibeltimar kvar gong.
Høyr heile intervjuet med Arild Ove Halås.

Wednesday Oct 08, 2025
Søndagens tekst 12. oktober
Wednesday Oct 08, 2025
Wednesday Oct 08, 2025
I søndagens tekst 12. oktober er det Markus 1, 40-45 som er evangelieteksta. Denne søndagen handlar teksta om den spedalske mannen. På den tida var dei med denne sjukdomen sosialt døde. Dei var ureine og folk skulle ikkje vere med dei. Men Jesus viste inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi denne veka ein samtale om kva denne teksta vil fortelle oss.

Tuesday Oct 07, 2025
Matposeutdeling på Molde bedehus
Tuesday Oct 07, 2025
Tuesday Oct 07, 2025
Då Molde bedehus høyrde at lokale tiltaket Frivillighetssentralen måtte legge ned fleire tilbod, som utdeling av matposer, så heiv Molde bedehus seg på og tok over dette. Dei tok kontakt med dei som hadde dette tidlegare, og i tillegg snakka med Asko og andre bedrifter som har donert mat til utdelinga, som gjorde at bedehuset no kan halde fram med å dele ut matposer i byen. Høyr Rigmor Welle Hatlen fortelle om det lokale tiltaket Molde bedehus har starta med annakvar veke.

Tuesday Oct 07, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Oct 07, 2025
Tuesday Oct 07, 2025
-Gud er den som gjer under, fortel Marit Stokken Berland i vekas Kvardagsprat. Nyleg var ho i Hordaland og haldt møteveker. Frå 14. oktober til 19. oktober er det møteveke på Ellingsøy bedehus, og det ser Stokken Berland fram til. Mange arrangerer møteveker med forventning til at noko skal skje, og det er naturleg når ein har opplevd kva Jesus kan gjere, fortel Stokken Berland i kvardagspraten. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

Monday Oct 06, 2025
Haram fellesskapet er eit pilotprosjekt
Monday Oct 06, 2025
Monday Oct 06, 2025
IMF Sunnmøre har tatt initiativ til å starte større fellesskap av fleire mindre fellesskap i nærområdet av kvarandre. Haram fellesskap er eit pilotprosjekt i denne samanhengen, og har no gått saman om å bygge eit fellesskap på dei mindre forsamlingane som er frå før. Det er totalt seks mindre forsamlingar, Vatne, Tennfjord, Søvik, Hildre, Gamlem og Brattvåg, som har gått saman om å bygge eit større fellesskap. Det er ikkje snakk om å legge ned bedehus eller forsamlinger, men å bygge opp eit større fellesskap. Dette fortel Knut Aarsund meir om i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Monday Oct 06, 2025
Tilbakemeldingane på boka Jakobs bror er positive
Monday Oct 06, 2025
Monday Oct 06, 2025
Jakobs bror er namnet på boka Eldar Skeide kom ut med i fjor vinter. Skeide har vore i studio igjen for å fortelje korleis det har gått med utgivelsen av boka. Boka handlar om korleis det er å vere veslebroren til Jesus, og om det som er dokumentert om då Jesus stod fram som Guds son. Skeide har debutert som forfattar med denne boka og gav den ut på eit sekulært forlag. Tilbakemeldingane etter at folk har lest boka er positive og lesarar har fortalt at dei synest boka er interessant.

Friday Oct 03, 2025
Kom over Radio Sunnmøre på FM
Friday Oct 03, 2025
Friday Oct 03, 2025
Ein dag Sivert Røymo, frå Molde, skulle over Ørskogfjellet på jakt, fekk han sitt fyrste møte med Radio Sunnmøre. På turen hadde han gløymd AUXen heime, og dermed var det kun FM som var å lytte til. Der kom Radio Sunnmøre på øyret med Helge Åkernes som då snakka om nåde. Dette vart Røymo interessert i. Han var då på ei trusreise frå å vere det han kalla for ein agnostikar, til å no kalle seg ein kristen. Høyr heile historia til Sivert Røymo om korleis han vart ein kristen.

