
216.1K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Nov 25, 2021
Nov 25, 2021
4 min
Å telle ned til jul er noko av det Birgitte Vik Wymer, frå Dimna, gler seg til. Og som ho har laga ein heilt ny julesong om med namnet Count down to Christmas.
Vik Wymer har budd 21 år i England før ho flytta heimatt til Dimna i Ulsteinvik. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho energisk om kva ho gjer når ho førebur seg til jul, og kor stor glede ho har i denne ventetida.

Nov 24, 2021
Nov 24, 2021
7 min
Eit nytt undervisningsopplegg for born mellom 1.-4. klasse, men tittelen Gøy på nett, er lansert. Det er Stiftelsen Barnevakten i samarbeid med RFM Helse Vest, Statped og Learn Lab som har utvikla Gøy på nett, og prosjektet er finansiert med midlar frå Utdanningsdirektoratet. Læringsressursen er og tilrettelagt for elevar med autisme, ADHD, Tourettes syndrom , samt at den finnast i både samiske og engelske versjonar.
Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.

Nov 24, 2021
Nov 24, 2021
9 min
Vi skal melde med god frimod det som er godt for oss, og dei gode verdiane som vi står for som kristne. Det er noko av det Alexis Lundh melder i eit intervju med Radio Sunnmøre, der vi tek ein prat om korleis vi kan hjelpe born og unge med å bygge gode verdiar i ei digital tid.
Det fløymar over av reality -seriar som bygger på seksualitet og kropp, ulike spel og seriar som bygger på vald, og sosiale medier der kommunikasjonen raskt kan bikke over til mobbing og ugreier samtalar. Det kan i denne tida kjennast som ei utfordring å nå inn til born og unge i dag med gode verdiar, og historia til den kristne sanning. Dette skal vi vere frimodige på, meinar Lundh.
Høyr intervjuet med Alexis Lundh, leiar i Heltfri.net i Tro & Medier.

Nov 23, 2021
Nov 23, 2021
3 min
Ålesund folkehøgskule er tilbake frå haustens tur til Israel, som den fyrste norske gruppa som fekk kome til landet etter korona. Vi har tatt ein prat med rektor Sven Sæther, som kan fortelje at dei ikkje trudde dei skulle kome seg til landet før dei hadde føta på jorda i Tel Aviv i Israel.

Nov 23, 2021
Nov 23, 2021
7 min
- Det er så fint med alt det aventstida og juletida byr på, fortel Irene Krokeide Alnes.
Vi tek ein prat om alt det frivillege arbeidet som foregår denne tida på ulike julemesser og arrangement, og om betydninga av dei ulike høgtidene som vi markerer i Noreg gjennom året. Den fyrste søndagen i advent nærmar seg, og vi snakkar litt rundt advent i dagens kvardagsprat.
Høyr praten med Irene Krokeide Alnes på Radio Sunnmøre.

Nov 22, 2021

Nov 22, 2021
Nov 22, 2021
9 min
- Det er viktig for meg å leve nær menneske, fortel Kristine Hurlen i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho fortel kor viktig det er for henne å få dele tru og ekte liv, og kor mykje arbeidsplassen hennar i Frelsesarmeen har å bety for henne.
Gjennom Ålesund gatefotball og Stedet får Kristine vere med å hjelpe mange menneske i Ålesund og omegn, og dette arbeidet har også hjulpe henne sjølv gjennom ei tid med angst. I dag hjelp ho mange menneske i eit viktig etterverntilbod som Frelsesarmeen tilbyr.

Nov 22, 2021
Nov 22, 2021
2 min
Omkring 300 menneske fekk med seg Håpskonsert med Norea Music og Norea-ambassadør Maria Engås Halsne, då dei i helga haldt konsertar på Ellingsøya, Ulsteinvik, Stranda og i Misjonssalen Myrabakken. I haust starta Engås Halsne som ambassadør og skal vere med å fremme arbeidet Norea Mediemisjon driv rundt om i verda. Med sitt dyktige songtalent vann ho musikkprogrammet The Voice på Tv2 i 2019, og i tillegg til å lage musikk og å vere småbarnsmor tek ho legestudiet.
Saman med Elisabeth Lillebø Sæth på piano og song, Tone Østby på cello, og Brit Kari Urdal som konferansier, vart det i helga haldt fire konsertar med vakker musikk og delt fokus på Norea sitt mediemisjonsarbeid.
Høyr intervjuet med Maria Engås Halsne og få med deg ein smakebit frå ein av konsertane.

Nov 20, 2021

Nov 20, 2021
