
216K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Dec 3, 2021

Dec 2, 2021
Dec 2, 2021
6 min
Eit vekkerop til tenåringsforeldre er tema for vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved leidar for Heltfri.net, Alexis Lundh.

Dec 2, 2021

Dec 1, 2021
Dec 1, 2021
5 min
Appen Sendit har fått ny merksemd, etter at fleire kommuner no advarer skulane sine om appen. Dette er ein app der ein kan sende meldingar anonymt, og har blitt svært populær blant yngre born sjølv med ei aldersgrense på 17 år. Appen knyttar seg opp mot Snapchat, sender meldingar anonymt, og det har ført til mobbing.
Vi har tatt ein prat med rådgjevar i Barnevakten, Kris Munthe, som også advarer mot denne appen.

Dec 1, 2021
Dec 1, 2021
3 min
I ein heilt ny song har John Inge Rolfsnes skrive om nattverdenen, og songen har fått namnet Ved ditt bord. Nattverdenen er ei fysisk og konkret handling der ein sjølv må ta valet om ein vil reise seg å gå fram til nattverd, og ein må sjølv rekke fram handa for å ta i mot nattverdenen. -På denne måten får ein ta del i nåden på ein konkret og fysisk måte som eg synest er veldig nydeleg, seier Rolfsnes til Radio Sunnmøre. Høyr intervjuet om den nye songen på Radio Sunnmøre.

Nov 30, 2021
Nov 30, 2021
17 min
I år feirar Møre Ungsomsskule Ålesund 25 år sidan oppstart, og det skal markerast i romjula med ein reunion av tidlegare elevar.
Ove Kopperstad har vore med sidan skulen var berre ein tanke, og saman med fleire eldsjeler har han fått skulen opp og fram til det den er idag. I dag har skulen namnet Møre barne- og ungdomsskule Ålesund, og både elevtalet, skulebygget og det gode ryktet har vakse. Rektor ved skulen, Øystein Engås, har sjølv hatt eigne born som elevar ved skulen, og i tillegg vore tilsett som lærar før han no har vorte rektor.
Vi har tatt ein lengre prat med Ove Kopperstad om korleis skulen vart til, og med Øystein Engås om tida vidare i ei tid det no blir stramma inn for private skular.

Nov 30, 2021
Nov 30, 2021
7 min
Forrige veke var Marit Stokken Berland på Stranda og haldt møteveke, og i tillegg fekk ho besøke både aldersheimen og Vestborg vidaregåande skule.
Resten av årets møteveker er avlyst for Marit på grunn av korona.
I vekas kvardagsprat fortel Marit om kva adventstida betyr for henne, og om den trygge plattforma vi som trur har å stå på og tru på i denne ventetida.

Nov 30, 2021

Nov 29, 2021

Nov 29, 2021
Nov 29, 2021
12 min
I helga var det opningsfest for Sjøholt folkehøgskule, der entrepenørar, ordførar, eigarstyre, media og støttespelarar i prosessen for å gjere Sjøholt folkehøgskule til ein realitet, var invitert til middag og fest. Rektor Lars Johan Klokk opna festen med ein tale om det å kjenne seg som ein andunge, og ved å få den rette tilrettelegginga og å bli sett som ein er, at ein då skal kunne få gå ut av folkehøgskulen som ein brusande svane med tru på seg sjølv. Ein slik skule rektor Klokk håpar at Sjøholt folkehøgskule kan vere.
På talarlista var både eigaren Indremisjonsforbundet ved generalsekretær Erik Furnes, Ålesund kommune ved ordførar Eva Vinje Aurdal, IMF Sunnmøre ved Johan Halsne, og i tillegg mange fleire helsingar.
Radio Sunnmøre tok også eit intervju med rektor Lars Johan Klokk og styreleiar Odd Christian Stenerud, som har stått på dei to siste åra for å få skulen dit den er i dag.
