
216K
Downloads
4895
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Dec 17, 2021

Dec 16, 2021
Dec 16, 2021
3 min
Det blir stadig vanskelegare å finne den kristne julebodskapen på NRK Super. Men kven sitt ansvar er det? Dette spørsmålet stiller dagleg leiar i Tro & Medier, Jarle Haugland, i årets siste mediekommentar.

Dec 16, 2021
Dec 16, 2021
4 min
Med sponsormidlar frå Coca Cola delar Fellesverket Ålesund ut matposar til ungdom mellom 13-25 år i Ålesund. Vi har hatt besøk i studio av Esther Kalvø og Karolina Hafstrøm Tafjord frå Røde Kors, som fortel meir om kva som er i desse posane og korleis dei skal delast ut.

Dec 14, 2021

Dec 14, 2021
Dec 14, 2021
5 min
Skulle det ligge ein konsoll, ein telefon eller eit nettbrett under juletreet i år, så er der enkelte ting det kan vere lurt som foreldre å huske på. Kris Munthe i Barnevakten gir deg nokre enkle tips og råd i vekas prat.

Dec 14, 2021
Dec 14, 2021
8 min
Sjølv med restriksjonar i 2021 ser Marit Stokken Berland tilbake på eit år med fleire oppturar og mykje glede. Den største utfordringa har vore å kjenne på ansvaret når ein held møter, og faren ved smitte som har hengt over arrangementa.
Når Marit Stokken Berland ser framover i 2022 håpar og ber ho om eit år med vekkelse, og at endå fleire skal få bli kjende med Jesus.
Høyr årets siste prat med Marit Stokken Berland.

Dec 14, 2021

Dec 13, 2021
Dec 13, 2021
13 min
Den Indre Sjømannsmisjon har ei rik og lang historie bak seg, og dei siste åra har også dette arbeidet blitt sterkt prega av korona. Vi har tatt ein lengre prat med leiar i Møre & Romsdal Andre Sætre. Vi høyrer meir om både Seamans mission i Ålesund, og arbeidet generelt både i tida under korona og framover.

Dec 11, 2021

Dec 11, 2021
