Episodes

Monday Oct 13, 2025
Utflytta sunnmøring frå Sula
Monday Oct 13, 2025
Monday Oct 13, 2025
I serien utflytta sunnmøring har vi tatt ein prat med Randi Nesseth Hågan som flytta frå Langevågen til austlandet. Ho vaks opp med mykje aktivitet på Langevåg bedehus, og i korps, og er no engasjert i kyrkja i Skien. I tillegg har ho og familien, saman med andre familier, husmenigheter som mindre kristne fellesskap. Det handlar om å kunne dele livet og trua med andre. Høyr heile intervjuet med Randi Nesseth Hågan, utflytta sunnmøring frå Langevåg.

Monday Oct 13, 2025
God nok - Godt nok
Monday Oct 13, 2025
Monday Oct 13, 2025
I helga skal det arrangerast God nok - Godt nok i Sula. Eit arrangement Anders Grytten og Håvard Sveås skal arrangere saman. Temaet for kvelden er angst og depresjon, og skal gjere det enklare å snakke om at livet kan vere vanskeleg. Anders Grytten er prest og tenker at alle menneske er meir enn det ein ser eller gjer. Det blir song og musikk, og ein kveld om temaet, fredag 17. oktober i kulturhuset i Langevågen.

Friday Oct 10, 2025
Ny EP frå Ingrid Helene
Friday Oct 10, 2025
Friday Oct 10, 2025
I midten av september kom Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug ut med en ny EP. Den inneheld tre salmar og ein eigenlaga song, Stille vann. Ideen til denen songen fekk ho av ei venninde som fortalde at ho hadde fått nokre ord til henne. Ingrid Helene skal også delta under Åpne Dører sine fakkeltog -arrangement i Ålesund, Molde og Herøy no i oktober, og har gitt ut salmen Gud du er rik i denne samanhengen. Salmen er ein av tre salmar som er med på den nye EP`en.
Høyr heile intervjuet med Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug.

Friday Oct 10, 2025
Salmer på pub på Terminalen
Friday Oct 10, 2025
Friday Oct 10, 2025
Onsdag 15. oktober blir det igjen Salmer på pub på Terminalen med Lewi Bergrud m/band. I fjor møtte 400 personar til denne konserten, og Thor Erik Fjellvang og Lewi Bergrud gler seg igjen til å kome til Ålesund.
- Salmane er songar som har vore høgt elska og akta i over hundre år, fortel Thor Erik Fjellvang. Han er pianist i bandet og starta konseptet Salmer på pub saman med Lewi Bergrud. Dei har begge to eit ynskje om at alle skal få eit møte med det innhaldet salmeskatten formidler og tenker at ein på pub også får formidle til dei som ikkje kjenner seg heime i ei kristen forsamling.
Høyr heile intervjuet med Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang som gler seg til å halde konsert onsdag 15. oktober i Noregs vakreste by.

Thursday Oct 09, 2025
Frivillig på Seamans mission
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Seamans mission har mange frivillege og Liv Erstad er ein av dei. Kvart år tek dei imot nokre hundre mannskap frå turistbåtar som kjem inn til kai. Som frivilleg inviterer dei cruisemannskap inn til gratis internett, litteratur på ulike språk, samtale og kaffi/te. Samtalane går for det meste på engelsk, så Erstad har lært seg det språket også ganske bra. Høyr heile intervjuet med Liv Erstad som frivilleg i Seamans mission i Ålesund.

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke veke 41
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Denne veka er det Marie Helene Høyberg vi får eit atthøyr med i Ord til ettertanke. Ho er frå Brummundal, gift med ein sunnmøring og bur på Sunnmøre. I ord til ettertanke denne veka deler ho glimt frå eige trusliv og kva betydning det har for hennar eige liv.

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke 6. oktober
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Denne veka er det Marie Helene Høyberg som held ord til ettertanke.

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke 7. oktober
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Denne veka er det Marie Helene Høyberg som held ord til ettertanke.

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke 8. oktober
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Denne veka er det Marie Helen Høyberg som held ord til ettertanke.

Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke 9. oktober
Thursday Oct 09, 2025
Thursday Oct 09, 2025
Ord til ettertanke av Marie Helen Høyberg

