Episodes

Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke 3. september
Thursday Sep 04, 2025
Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke 4. september
Thursday Sep 04, 2025
Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke 5. september
Thursday Sep 04, 2025
Thursday Sep 04, 2025
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen.

Wednesday Sep 03, 2025
Søndagens tekst 7. september
Wednesday Sep 03, 2025
Wednesday Sep 03, 2025
Kvar veke delar vi søndagens tekst gjennom kirkeåret på Radio Sunnmøre. Randi Fagerhol Lauvås les teksta, og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund samtalar i etterkant med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om teksta. Denne søndagen handlar teksta om den kjærleiken Jesus har for sine vener. Han ber oss om å elske kvarandre. Kva ligg i dette og kva betyr det for oss?
Høyr vekas episode av Søndagens tekst.

Wednesday Sep 03, 2025
På Sunnmørsturnè frå Færøyane
Wednesday Sep 03, 2025
Wednesday Sep 03, 2025
I ti dagar skal Eydun Jackobsen, frå Færøyane, og Arnvid Brandal ha møteturnè på Sunnmøre, og litt i Romsdalen. Jackobsen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han lenge har hatt ei naud for menneska på Sunnmøre om at dei skal få eit møte med Jesus. Han fekk sjølv ta i mot Jesus som ungdom, og sidan den gongen har han ivrig delt si tru med andre. No er han songevangelist, og saman med Brandal er dei no ein duo i møter over store delar av Sunnmøre og litt i Romsdalen.
Høyr heile intervjuet med Eydun Jackobsen og Arnvid Brandal. Møta finn du på oppslagstavla på radiosunnmore.no.

Tuesday Sep 02, 2025
Populære lifebags gir håp
Tuesday Sep 02, 2025
Tuesday Sep 02, 2025
Du har kanskje lagt merke til nokre fargerike fletta vesker rundt omkring, og det kan vere at dette då er Lifebags laga i Kenya. Veskene er laga i Kenya og ved å kjøpe ei veske gir ein håp til damer der. Elisabeth Nordstrand flytta heimatt i frå Kenya, og har i ettertid av det vore med å markedsføre Lifebags som hjelper kvinner i Kenya.

Tuesday Sep 02, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Sep 02, 2025
Tuesday Sep 02, 2025
I helga var Irene Krokeide Alnes i Fosnavågen på songhelg, og ho og ektemannen Leif-Steinar inviterte med seg Øklands heim til Alnes søndag kveld. Vi får høyre Irene fortelje oppglødd frå helga i vekas kvardagsprat. Hausten er også fylt opp med møter og tv-produksjon for Krokeide Alnes. Avslutningsvis delar ho nokre tankar om bøn og at det å be er aldri feil.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Sep 01, 2025
Leitar etter nye skulelokale
Monday Sep 01, 2025
Monday Sep 01, 2025
Møre Barne - og ungdomsskule Skodje leitar etter nye skulelokale. Skulen har fleire gongar fått nei frå Ålesund kommune om eit permanent skulebygg i Brusdalen. Kommunen har også sagt nei til en intensjonsavtale om å samarbeide med skulen om å finne nye lokale. Rektor ved skulen, Hilde Renate Sætre Nes, fortel at dei no er i gong med å leite etter nye lokale. Per no har dei ingen plan om kvar dei skal flytte eller ledig tomt.
Høyr heile intervjuet med rektor Hilde Renate Sætre Nes.

Monday Sep 01, 2025
Konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre
Monday Sep 01, 2025
Monday Sep 01, 2025
Johan Halsne hadde sin siste arbeidsdag som krinsleiar i ImF Sunnmøre søndag 31. august. Som tidlegare meldt går han no inn i stillinga som krinsleiar i ImF Rogaland.
Frå 1. september går Arild Ove Halås (58) inn som konstituert krinsleiar for ImF Sunnmøre.
Stillinga som krinsleiar har vore utlyst og søknadsfristen er no ute. Krinsstyret i ImF Sunnmøre har ikkje gått til tilsetjing av ny krinsleiar, og vil arbeide vidare med denne saka opp imot konkrete personar i tida framover.
Administrasjonsleiar Arild Ove Halås vart på denne bakgrunn spurt om å gå inn som konstituert krinsleiar for ei tid framover, og han har svara ja til dette. Hålås har i dag ei delt stilling som administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre og hovudpastor i Emblem bedehusforsamling. Han vil halde fram i stillinga si på Emblem. Halås har vore tilsett i ulike stillingar i ImF i mange år, og var blant anna krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon frå 2006-2018. Konstitueringa gjeld fram til ny krinsleiar vert tilsett, og ikkje lenger enn til sommaren 2026.
Johan Halsne vert leigd inn i ei 20 % stilling i ImF Sunnmøre i fyrste omgong fram til sommaren 2026. Han vil då arbeide med konkrete oppgåver/prosjekt samt i vinter/vårsemesteret også ha noko møteverksemd i krinsen.
Krinsstyret fortel i eit pressemelding at dei er takksame for at Halås og Halsne vil gå inn i desse oppgåvene, og det er gjort grep som gjer at ein vurderer at dette vil vere ei løysing som fungerer godt for ImF Sunnmøre i tida framover.
Høyr heile intervjuet med konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås.

Friday Aug 29, 2025
Friday Aug 29, 2025
I sommar var Te`ena Behn Haim i Noreg på ferie saman med ektemannen. Dei bur til dagleg i Jerusalem, og dei har to born som er aktive i militæret i Israel. Då dei var i Noreg på ferie fulgte ho med på mediedekninga av Israel og synest det er fasinerande at Israel blir behandla som ei norsk kommune under stortingsvalet.
-Det er akkurat som ein har mista litt perspektivet rundt dette. Og det verkar som dei fleste i Noreg har kjøpt eit narrativ frå Hamas, som blir ein høgtalar for dei, uttalar Behn Haim i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho er sterkt kritisk til all feilinformasjon som blir spreidd, og skjønar også at det er vanskeleg for nordmenn å vite kva som er sanning i det som blir servert i norske medier.

