
215.7K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Mar 3, 2022
Mar 3, 2022
4 min
-Berre på eitt døgn var tolv familiar påmelde, så det har vore stor oppslutning, fortel Pernille Fiskerstrand, som fortel at oppslutninga har vore over all forventing.
I fleire år har Ulsteinvik Frikirke arrangert familieleir i påska på Orreneset, men med ei pause i pandemien. I år då påmeldinga starta tenkte arrangørane at dei prøvar og ser kor mange som er interessert. Oppslutninga vart større enn forventa.
Fiskerstrand fortel at ho gleder seg over at familiar no igjen ynskjer å vere saman i påska og bruke fire dagar på Jesus. Høyr heile intervjuet med Pernille Fiskerstrand.

Mar 3, 2022
Mar 3, 2022
8 min
Solveig Leithaug har kome over Atlanteren igjen frå Nashville for nye musikalske oppdrag. Eit av dei er konserten på Godøy bedehus søndag 6. mars, og konsertt har fått tittelen Vårlys. I tillegg til eit besøk innom Sunnmøre, skal Leithaug vere med på Gla`sang helga på Frænabu misjonssenter, og konsertar nokre andre stadar i Noreg.
Søndag blir det konsert på Godøy bedehus, der Solveig i samtale med krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, vil dele frå sitt eige liv. Publikum vil denne kvelden få oppleve Solveig sine sterke melodiar og ærlege tekstar, som favnar breidt og speglar livet, i fylgje ei pressemelding. Repertoaret vil spenne frå nyare kritikerroste innspelingar Riverside -Hymns & Spiritual Songs, Time, Finding Home, og heilt tilbake til hennar klassikera frå 80-talet.

Mar 3, 2022

Mar 2, 2022
Mar 2, 2022
8 min
Medietilsynet oppfordrar foreldre til å snakke om borna om bileta frå krigen i Ukraina. Barnevakten gir nokre gode tips og råd til foreldre om korleis ein kan ta ein alderstilpassa samtale med borna om krigsnyhende. Grusomme videoar og propaganda kan dukke opp i sosiale medier på bornas telefonar.
Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om korleis ein kan gå fram i samtale med borna.

Mar 2, 2022
Mar 2, 2022
8 min
I vekas mediekommentar er det dagleg leiar i Tro & Medier, Jarle Haugland, og leiar i omGud.net, Kjetil Fyllingen, som delar sine tankar. Handlar det gode livet om å redusere dei digitale distraksjonane eller om å gripe dei digitale moglegheitene? Eller kanskje begge?

Mar 1, 2022
Mar 1, 2022
5 min
Røde Kors Møre & Romsdal ynskjer å bidra med vald -og kriminalitets førebyggande arbeid blant born og unge i Noreg, då også på Sunnmøre. I Ålesund på Fellesverket Dragen er det oppstart for kurset for dei mellom 13-25 år søndag 6. mars.
Gjennom å øve på å kjenne att reaksjonar, følelsar og behov i konflikter med interaktive verkstadar i Gatemegling, er målet å gje ungdom mellom 13-25 år konkrete verktøy.
Karolina Hafström Tafjord, Koordinator for Gatemegling, og Ester Kalvø, koordinator i Røde Kors, har vore i studio for å fortelje meir om kurset som skal bidra til tryggare oppvekstvilkår for ungdom også i Ålesund.

Mar 1, 2022
Mar 1, 2022
7 min
-Vi har eit kall til å be for alle dei som no er midt i lidelsen, seier Marit Stokken Berland i kvardagspraten. Det gjer inntrykk på henne å sjå bilete frå Ukraina av alle som sit på kne og ber i både bomberom og ute i snøen. Midt i ein pandemi opplever vi no ein krig i Europa.
Vi tek også ein prat om denne veka der Marit & Irene skal til Halden og halde møter. Då Noreg stengde ned på grunn av pandemien måtte dei stoppe møta dei haldt i Halden, og kjende seg ikkje ferdige der. No er dei sterkt ynskja tilbake, og møta held fram onsdag til søndag denne veka.
I kvardagspraten gir Marit Stokken Berland eit oppmuntrande ord om at Gud aldri står på avstand når nauda er stor. Han står midt i nauda og tørker tårer.

Mar 1, 2022

Feb 27, 2022

Feb 26, 2022
