
215.7K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Mar 11, 2022

Mar 10, 2022

Mar 10, 2022

Mar 10, 2022

Mar 9, 2022

Mar 9, 2022
Mar 9, 2022
6 min
Kvar tredje populære song på Spotify inneheld grove tekstar. Det er mogleg å skru på eit barnefilter som stenger for avspeling av slike songar. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å lære meir om saka.

Mar 9, 2022
Mar 9, 2022
13 min
I år er det Frivillighetens år, og Møre & Romsdal ynskjer i den andledning å dele ut 500.000 kroner under ei "festeveke" i veke 23. I utlysninga til midlane er formålet å fjerne barrierer som enkelte kan ha for deltaking i frivilleg aktivitet, auke deltaking, og synleggjere frivilleg sektor sin betydning i samfunnet. Ei prioritert målgruppe skal vere born og unge.
Som einaste fylket i landet, har Møre og Romsdal bestemt at trussamfunn og anna religiøs verksemd ikkje kan søke på desse midla når frivillighetens år skal feirast.
Dette reagerer leiar for IMF Sunnmøre, Johan Halsne, sterkt på. Leiar for Kultur-,næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Nerås Krogsæter (Sp), synest det er rart at dei får ein reaksjon på retningslinjene først i år.
Radio Sunnmøre har invitert Johan Halsne og Marit Nerås Krogsæter i studio for å samtale nærmare om saka.

Mar 8, 2022
Mar 8, 2022
10 min
I 18 år har Ukrainahjelpen blitt drive på frivilleg basis frå Indre bydel av Ålesund, av Oksana og Kurt Andre Henriksen. Nauda er større enn nokon gong i Ukraina på grunn av krigen, og behov for hjelp i form av pengar til innkjøp av medisiner, vatn og mat i landet er stor. Henriksen fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre om korleis pengane kjem fram og kva behova er for hjelp akkurat no.
VIPPS til Ukrainahjelpen er 619635

Mar 8, 2022
Mar 8, 2022
9 min
Forrige veke fekk Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes endeleg kome tilbake igjen til Halden og ha møter. Då koronapandemien kom til Noreg 12. mars for to år sidan måtte dei avslutte ein pågåande møteaksjon. Sidan den gong har lokale folk hatt faste bønemøter kvar veke, og no fekk Marit & Irene endeleg kome tilbake igjen. I kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi høyre meir frå denne veka.

Mar 7, 2022
Mar 7, 2022
8 min
I vekas episode av Sjømannspresten høyrer vi frå Kristianne Stendal Lothe, som er diakonal medarbeider i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Ho er sjukepleiar i botn og kjenner sjølv at det er godt sjølv om det ikkje er eit krav i jobben ho har no. Oppgåvene er mange og varierte, og når nordmenn flyttar til Thailand for å bu der siste del av livet, så er ikkje helsetilbodet det same som i Noreg og tilsette i Sjømannskyrkja får oppgåver som andre innstansar hadde hatt i heimlandet.
Krigen i Ukraina gjer også inntrykk på nordmenn som bur i Thailand, og vi får høyre Kristianne også fortelje litt om ei gudsteneste dei arrangerer med lystenning og forbøn for dei berørte av krigen.
Høyr vekas episode av Sjømannspresten.
