Episodes

Wednesday Oct 22, 2025
Anmeldelse mot leiar i MIFF Sunnmøre henlagt
Wednesday Oct 22, 2025
Wednesday Oct 22, 2025
MIFF Sunnmøre inviterte Kolvikbakken ungdomsskole til ei temasamling onsdag 8. oktober halde av Henrik Beckheim, om temaet "Er det plass til jødar i Noreg etter 7. oktober?". Svaret Marit Heggen Stokke, leiar for MIFF Sunnmøre, fekk på invitasjonen frå ein avdelingsleiar ved skulen, rysta henne, og ho la svaret ut på MIFF Sunnmøre sine facebooksider. Avdelingsleiaren ved Kolvikbakken ungdomsskole anmeldte Heggen Stokke og saka er no blitt henlagt av politiet. Høyr heile intervjuet med Marit Heggen Stokke.

Wednesday Oct 22, 2025
Søndagens tekst 26. oktober
Wednesday Oct 22, 2025
Wednesday Oct 22, 2025
I vekas episode av Søndagens tekst snakkar vi med prost Karl Johan Bjørge om Lukas 15, 11-32, om sonen som kom heim. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

Tuesday Oct 21, 2025
Fakkeltog for forfulgte kristne
Tuesday Oct 21, 2025
Tuesday Oct 21, 2025
Tysdag 28. oktober starter første fakkeltog for forfulgte kristne i Ålesund, onsdag i Molde og torsdag i Fosnavåg. Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug er med og deler musikk og vitnesbyrd på alle samlingane. Kvar kveld startar med fakkeltog kl.1830 og avsluttar med ei samling kl. 1930. I år er tema for fakkeltoget dei kristne i Nord-Korea og kvardagslivet dei lever som kristne i verdas mest lukka land. Høyr heile praten med Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug.

Tuesday Oct 21, 2025
Kvardagspraten
Tuesday Oct 21, 2025
Tuesday Oct 21, 2025
Forrige veke var Marit & Irene på Ellingsøy bedehus og haldt møteveke frå tysdag til søndag. På siste møtet søndag vart det nemnt om ein skulle halde fram med møter. I kvardagspraten med Marit Stokken Berland høyrer vi henne fortelje frå veka. Ho fortel at ein endå ein gong fekk oppleve at Guds Ord er levande. Det var fleire som kjende at Gud arbeidde denne veka, og samtalen om å halde fram ved ei seinare anledning er levande. Ikveld skal Marit og Jarle til Austefjorden på eit songmøte, som vi også får høyre meir om i kvardagspraten.

Monday Oct 20, 2025
Går på scena med Gud
Monday Oct 20, 2025
Monday Oct 20, 2025
Då Lewi Bergrud var 7 år fekk han prøve mora sin gitar og då var han solgt. Då starta interessa for gitar og etterkvart song. Han har vakse opp i ein familie med far som pinsepastor og fekk tidleg prøve seg på scena. Etterkvart satsa han meir og meir på musikken, med samspel saman med fleire kjende artistar. Den kristne trua har alltid vore viktig for Berggrud og etter ein konsert gjekk det opp for han kva han skulle satse på og kva som var viktig for han. Salmer på pøbb vart eit konsept saman med Thor Erik Fjellvang og fleire, og i år kom plate nummer to ut med fleire salmar Onsdag 15. oktober spelte dei på Terminalen i Ålesund og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Lewi Berggrud om kvifor det er viktig for han å få vere med å synge salmar og dele tru der folk er.

Friday Oct 17, 2025
Utflytta sunnmøring frå Langevåg
Friday Oct 17, 2025
Friday Oct 17, 2025
Ein av dei utflytta sunnmøringene vi har tatt ein prat med er Gunnar Ferstad. Høyr heile intervjuet med Ferstad på Radio Sunnmøre.

Friday Oct 17, 2025
Inviteret til treffpunkt i anledning Allhelgenssøndag
Friday Oct 17, 2025
Friday Oct 17, 2025
Tysdag 21. oktober inviterer Sunnmøre begravelsesbyrå til eit treffpunkt for alle som har vore kundar hos dei det siste året. Dette gjer dei i anledning at det snart er Allhelgenssøndag. På treffpunktet inviterer dei til samtale, kake og kaffi, og til å motta eit gravlys. Linn Therese Kalvø, dagleg leiar, fortel til Radio Sunnmøre at dei har sendt ut invitasjon til dei det gjeld og håpar at dette kan vere eit fint treffpunkt for dei etterlatte som det siste året har mista nokon. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Thursday Oct 16, 2025
Ni meter høg julestjerne på Stranda
Thursday Oct 16, 2025
Thursday Oct 16, 2025
Som dommar reiser Petter Hjørungdal rundt på Sunnmøre og såg at fleire hadde julestjerner ute. Då fekk han ein ide om at dette kunne ein også få til på Strandafjellet. Resultatet vart ei ni meter høg julestjerne. Høyr heile intervjuet med Petter Hjørungdal.

Thursday Oct 16, 2025
Den store hemmelegheita
Thursday Oct 16, 2025
Thursday Oct 16, 2025
Denne veka er det Robert Uggedal som held ord til ettertanke. Andaktene er eit atthøyr og handlar om den store hemmelegheita. Høyr intervjuet med Robert Uggedal om vekas andakter.

Thursday Oct 16, 2025
Ord til etteratanke 13. oktober
Thursday Oct 16, 2025
Thursday Oct 16, 2025
Ord til ettertanke av Robert Uggedal

