
215.4K
Downloads
4882
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

May 4, 2022

May 4, 2022
May 4, 2022
3 min
Åpne Dører Sunnmøre får besøk av Broder Michael frå Egypt, og skal i den anledning halde eit ope møte i Volda frikyrkje torsdag 12. mai.
Broder Michael har gejnnom fleire år vore ein av Åpne Dørers sentrale medarbeidarar i Egypt, og er i dag ein av hovedleiarane for Åpne Dørers arbeid i landet. Han er også leiar i ei evangelisk kyrkje der han har spesielt fokus på å undervise kristne ektepar. Han har inngåande kjennskap til å leve som ein kristen i eit muslimsk land, med diskriminering og forfylgjing på grunn av si tru på Jesus.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Helge Åkernes i Åpne Dører, som kan fortelje meir om det spanande besøket frå Egypt.

May 4, 2022
May 4, 2022
7 min
No legg Barnevakten til rette for at deira artiklar om nettvett også kan lesast på ukrainsk og russisk, og på den måten kan ukrainske foreldre få tips og råd om nettvett og barns digitale liv i Noreg. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, for å høyre meir om dette.

May 3, 2022

May 3, 2022
May 3, 2022
9 min
I slutten av september arrangerer NSP Aid, med Gunnar Hamnøy i spissen, ein opplevelsestur til Kenya. Den som ynskjer kan bli med på turen, og få ei oppleving for livet. På turen vil ein kunne få møte fadderbarnet sitt, oppleve safari ved foten av Kilimanjaro, besøke masaiane og besøke barneheimen som NSP Aid driv. I tillegg til dette blir det ei oppleving få både sjå, lukte og høyre ein heilt anna kultur enn ein har i Noreg.
Høyr intervjuet med Gunnar Hamnøy, dagleg leiar for NSP Aid og reise leiar på turen.

May 3, 2022
May 3, 2022
7 min
I juni skal Irene Krokeide Alnes saman med Marit Stokken Berland og Steinar Harila vere reiseleiarar til Finnmark, og på turen er det plass til fleire. I Kvardagspraten fortel Irene meir om turen.
I mars starta Irene også opp i Bedehuskanalen i 40 %, og vi får høyre meir om programma som ho skal vere med å lage til kanalen.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

May 2, 2022

May 2, 2022
May 2, 2022
22 min
Eit par veker inn i krigen i Ukraina tok Radio Sunnmøre ein prat med Tetyana Grynyl som saman med fleire familiemedlemer då var svært usikre på om og når dei skulle flykte frå heimlandet sitt. Tetyana har i fleire å vore i Noreg og arbeidd på sommaren, men denne reisa til Sunnmøre ville vere annleis.
Saman med born, tante og mor tok sette dei seg i bilar og reiste ut av heimlandet sitt, då flyalarmen i heimbyen også starta å gå kontinuerleg både natt og dag. Dei reiste til Sunnmøre og busette seg hjå systera til Tetyana med familie på Emblem. På Emblem bur dei no 14 personar i ein einebustad, og utfordringane med å skulle busette seg på Sunnmøre som flyktning frå Ukraina er mange.
Vi har tatt ein prat med Tetyana Grynyk om korleis det var å ta avgjersla om å flykte frå heimlandet, frå mann og son og svigerdatter, og om å busette seg på Sunnmøre både for unge og eldre.

Apr 30, 2022

Apr 30, 2022
