Episodes

Wednesday Oct 29, 2025
Søndagens tekst 2. november
Wednesday Oct 29, 2025
Wednesday Oct 29, 2025
Søndag er det Allhelgensøndag og i evangelieteksta snakkast det om dei sæle og dei usæle. Teksta er henta frå Lukast 6, 20-23 og i ein samtale med prost Karl Johan Bjørge snakkar vi om kva denne teksta handlar om.

Tuesday Oct 28, 2025
Enorm takksemd for å få gislane heim
Tuesday Oct 28, 2025
Tuesday Oct 28, 2025
-Det har vore historiske dagar i Israel det med å få heim gislane, fortel Te`ena Ben-Haim. På same tid fekk ho heim både mann og son frå deira teneste i militæret i denne perioda der ein har fokusert på å overleve. - Det er framleis komplisert for folket vårt der ein skal bearbeide det ein har opplevd og at ein framleis ventar på gislane som ikkje har kome heim, seier Ben-Haim på telefon frå Jerusalem.
Vi høyrer henne fortelje om korleis det var då dei levande gislane kom tilbake og kva som har blitt formidla i media av dei i Israel.

Tuesday Oct 28, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Oct 28, 2025
Tuesday Oct 28, 2025
Før flyet lettar til Kypros tek Irene Krokeide Alnes seg tid til ein liten kvardagsprat med Radio Sunnmøre. Ho er på veg til ein forsinka ferie med nærmaste familie. I praten så ser vi tilbake på vekemøta på Ellingsøya Irene hadde saman med Marit Stokken Berland. - Det var godt å kjenne på fellesskapet i bøn, og det merkast at det var forventningar, gode samtalar og song. Og vi kjende på ei vekkelsesånd i møta, seier Krokeide Alnes.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Oct 27, 2025
Sula vekst vart nominert til årets Teamwork
Monday Oct 27, 2025
Monday Oct 27, 2025
I fjor fekk Sula vekst prisen for Årets vekstbedrift, og i år vart dei nominert til prisen Årets Teamwork, på IDC Norway Awards. Det var Ulstein Group som gjekk av stabelen med fyrste plassen i år, men Sula vekst er det også ein seier å vere nominert som ein av tre.
Vi har tatt ein prat med Øyvind Vebenstad som fortel oss meir om bedrifta Sula vekst AS, som driv med tilrettelagt arbeid, og verdiane dei jobbar med.

Monday Oct 27, 2025
Møre barne -og ungdomsskule Skodje 10 år
Monday Oct 27, 2025
Monday Oct 27, 2025
På friskuledagen 5. november skal Møre Barne -og ungdomsskule Skodje feire 10 år. Skulen har i dag eit skuletilbod for 1. -10. klasse og held til i Brusdalen. I desse ti åra har skulen hatt nokre utfordringar med plasseringa av skulen ved Brusdalsvatnet, og arbeidar framleis med å få på plass ei fast tomt for skulebygget.
Onsdag 5. november skal det feirast med kake, talar og underholdning, og rektor Hilde Renate Sæthre Nes håpar at alle som har lyst tek turen.

Friday Oct 24, 2025
Kritisk til redaktørstyrte medier
Friday Oct 24, 2025
Friday Oct 24, 2025
I ein kronikk i Sunnmørsposten skriv Aud Farstad, historikar og forfattar, at ho er kritisk til redaktørstyrte medier. Ho fortel til Radio Sunnmøre at ho etterkvart har opparbeida seg ein sunn skepsis til det som skrivast i redaktørstyrte medier. Farstad fortel at ho ikkje klarer å fylgje med i alle medier, men at ho særskilt henviser til NRK som einsidige i tida etter massakren i Israel. Ho meiner Israel heile tida blir mistenkeleggjort og ansvarlege, og at det blir lite kritikk av den andre skulen.
- Eg har desse to åra vore utruleg takknemleg for at eg meistrar andre språk enn norsk og kan gå ut på nettet å finne anna informasjon og det som for eksempel NRK og andre store aviser har som ferdig fortelling, fortel Farstad til Radio Sunnmøre.
Høyr heile intervjuet med Aud Farstad, historikar og forfattar.

Friday Oct 24, 2025
Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget
Friday Oct 24, 2025
Friday Oct 24, 2025
Onsdag var ni folkehøgskulerektorar på Stortinget for å protestere mot regjeringa sitt nye budsjettforslag om å kutte stipendandelen til elevane frå 40 til 15 prosent. Lars Johan Klokk, rektor ved Sjøholt folkehøgskule, var tilstades på Stortinget i møte med KrFs stortingsgruppe. Sjøholt folkehøgskule er ein av to folkehøgskular i landet med 16 års aldersgrense.
- Eg trur det er eit vere eller ikkje vere om ein mister stipendet, seier Lars Johan Klokk til Radio Sunnmøre. - Og det vil igjen bety at fylket må trå til meir for desse elevane som i dag går folkehøgskule, legg han til. Ved Sjøholt folkehøgskule har nokre av elevane vore opptil seks år utanfor vanleg skule og for nokre elevar er det ei stor utfordring å berre gå inn i matsalen. Klokk seier i ei pressemelding at på folkehøgskulen har desse elevane igjen fått trua på framtida.
- Eg opplever at for vår elevgruppe vil det å få seg eit arbeid vere nok og vil nok kanskje aldri få seg ei mastergrad, fortel Klokk til Radio Sunnmøre. Han forstår ikkje heilt kva Arbeiderpartiet har tenkt med dette forslaget.

Thursday Oct 23, 2025
Solhøgda treng ny leiing
Thursday Oct 23, 2025
Thursday Oct 23, 2025
Etter heile 46 år har Arne Johan Gagnat og kona Kari leia Solhøgda leirstad som gjer noko så sjeldan å gå med overskot. Det gjer det blant anna fordi ein har bygd opp ein svært attraktiv leirskule, som tek elever frå Sunnmøre i sør til Trondheim i nord med på naturopplevingar og industrisamfunnet Sunndalsøra. Men no må eigaren, Misjonssambandet, sjå seg etter ny leiing av Solhøgda leirstad. Høyr intervjuet med Kari og Arne Johan Gagnat.

Thursday Oct 23, 2025
Foreslår kutt i stipend til folkehøgskuleelevar
Thursday Oct 23, 2025
Thursday Oct 23, 2025
Regjeringa foreslår at stipendandelen til folkehøgskuleelevar skal kuttast frå 40 % til 15 %. Resultatet av dette meiner Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule, at kan bli svært radikalt for folkehøgskulane. - Her lagar ein ei innsnevring slik at det blir færre moglegheiter for alle, seier Wågen Sæther. Han meiner dette er eit innlysande galt forslag. Høyr heile intervjuet med Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule.
Ei underskriftskampanje vart starta tysdag 21. oktober hadde torsdag morgon 23. oktober fått 16864 underskrifter på at ein er i mot dette forslaget.

Wednesday Oct 22, 2025
Nyleg tilbake etter tre månader på Mercy Ships
Wednesday Oct 22, 2025
Wednesday Oct 22, 2025
Mercy Ships inviterer til inspirasjonssamling i Ålesund i slutten av november og søker etter meir mannskap. Per Magne Brakstad er nyleg tilbake etter tre månader ombord på Mercy Ships i Sierra Leone. Etter Brakstad vart pensjonist såg han muligheita til å gjere dette, og då han såg på lista over kva mannskap det var behov for, så såg han at det også kunne vere ein stad for han. Sjølv har han praktisk erfaring og utdanna bilmekaniker, så dermed søkte han på ei stilling med desse oppgåvene. Høyr heile intervjuet med Per Magne Brakstad.

