
215.3K
Downloads
4881
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jun 9, 2022
Jun 9, 2022
8 min
Magne og Åge Grimstad frå Ulsteinvik har vore på besøk hos oss i studio. Dei har ein stor lidenskap for song- og musikk, og fortel om korleis grupper som Jerusalem og Koinonia har betydd mykje for dei gjennom livet. I august dreg dei i gang ein sommarfestival på FLØ, som har fått namnet SommarFLØrt. Her kjem mellom anna Koinonia attende til Sunnmøre og skal ha konsert på FLØ søndag 14. august.

Jun 9, 2022
Jun 9, 2022
6 min
Til helga er det Sommartreff i regi av ImF Sunnmøre på Ålesund folkehøgskule. Det blir festmøte og familiemøte, og laurdag kveld blir det konsert med Øklands. Gruppa består av tre sysken, og to ektefeller, frå Randaberg i Rogaland. Gruppa syng både eigne songar, kjende bedehussongar og noko cover.
Vi har tatt ein prat med Aina Økland Schøld som er ein av dei fem i gruppa Øklands.

Jun 8, 2022
Jun 8, 2022
8 min
Laurdag 25. juni skal The Send arrangerast i Telenor Arena. Ei tolv timar lang konferanse med talar, lovsong og bøn, der målet er å samle fleire tusen mennesker til ei stor kristen konferanse. Ungdom i Oppdrag er programansvarleg og har saman med fleire titals andre samarbeidsorganisasjonar satt saman eit program med bidragsytera frå både inn og utland.
Vi har tatt ein prat med Andreas Nordli, leiar i UiO, om The Send.

Jun 8, 2022
Jun 8, 2022
4 min
På same måte som filmar og bøker tek opp livets store tema, kan også fleire dataspel gjere det same. Også gjennom spel kan barn lære å handtere empati, moralske val og sorg.
VI har tatt ein prat med spelrådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, som fortel om korleis foreldre kan bidra til å inspirere borna å velge slike spel.

Jun 7, 2022
Jun 7, 2022
15 min
Visste du at det går an å skrive brev til forfulgte kristne? Gjennom Åpne Dørers skriveteneste kan du vere med og oppmuntre ein kristen bror eller søster i eit land langt borte. På den måten får dei erfare at de ikkje er gløymde, og at det er nokon som bryr seg om dei og ber for dei. I dette programmet får du høyre om Taher frå Iran, som har vore arrestert for si tru. I dag lever han som flyktning i Tyrkia. Nyleg mottok han mange oppmuntrande brev frå trussøsken over heile verda. Han seier: «Eg trudde at ingen tenkte på oss, men desse korta har bevist for meg at det er mange som ber for oss.» I andre halvdel av programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Nigeria. Her får du eit sterkt møte med åleinemora Charity og hennar tre barn. Dei overlevde eit angrep på landsbyen, men det har sett sine djupe spor i dei. Gjennom Åpne Dører har dei motteke praktisk hjelp og traumehjelp, og i dag er Charity ei som sjølv hjelper andre. No har du muligheit til å sende ei oppmuntrande helsing til henne og barna. Du kan lese meir her: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/skriv-til-forfulgte/skriv-til-charity I programmet får du elles høyre Hildegunn og Ingelin frå Garness som syng «Jesus er med deg».

Jun 7, 2022
Jun 7, 2022
5 min
Frå 1. september startar Asle Steinbru som ny leiar for IMF Ung. Han har dei siste åra vore styreleiar for IMF Ung og vore med i prosessen å tilsette ny leiar etter at Andreas Evensen gav beskjed om at han skal starte som rektor ved Bildøy bibelskule. Steinbru kjem frå ei stilling som ungdomleiar i Den norske kirke, og kjenner arbeidet til IMF Ung svært godt gjennom vervet i Barne -og ungdomsnemda.
Steinbru fortel at han er svært takksam for moglegheita å leie IMF Ung vidare, og han har eit ynskje om å vere med å bygge vidare på visjonane og strategiane styret har satt for arbeidet framover.

Jun 7, 2022
Jun 7, 2022
9 min
Flotte dagar med glasang på Ognatun, pinsehelg med både slektstreff og pinsebodskap, og årsmøtetid er noko av det vi tek ein prat om i dagens kvardagsprat med Marit Stokken Berland.

Jun 6, 2022

Jun 5, 2022
Jun 5, 2022
9 min
Kvifor feirar vi pinse, og korleis skal vi tenkje om Den Heilage Ande. Vi har teke ein prat med sokneprest i Giske, Benjamin Bjørnsen Anda om høgtida vi er midt inn i. Han fortel at det ikkje var tilfeldig kva dag Den Heilage Ande kom, men at det er ein samanheng mellom kristen pinse og den jødiske pinsefeiringa. Utan Den Heilage Ande hadde det ikkje vore noko kristen kykje i verda og Gud hadde heller ikkje halde løftet han gav om at hans læresveinar ikkje skulle vera åleine.

Jun 4, 2022
Jun 4, 2022
5 min
Våre ord har stor kraft i seg til både å gjere godt og til å skade andre. Tunga er den sterkaste muskelen i heile kroppen vår, og korleis vi brukar den er ikkje likegyldig. Dette er gjennomgangstema for Ord til ettertanke frå Joakim Solbakken som til dagleg arbeider i Skulelaget i Møre og Romsdal. Her kan du høyre den første av dei fem episodane.
